– Eg har ikkje høyrt om noko liknande nokon gong, seier NRKs kommentator Jann Post.
Det er berre vel eit år sidan Kristoffer Ingebrigtsen (33) kasta seg på løpebølgja. I august sprang han halvmaraton på 1.20,53 – noko som også var familierekord, og skikkeleg dokumentert av alle søskena i sosiale medium.
Og no har brørne Ingebrigtsen ein ny, spesiell plan på gang. Dei ønskjer ikkje «berre» å vere tre brør i same meisterskap, dei vil stille lag med ein fjerde i terreng-EM.
– Eg trur det hadde vorte litt reaksjonar på det, erkjenner Henrik Ingebrigtsen, og utdjupar:
– Han hadde ikkje klart å kvalifisere seg på ein vanleg måte, men viss eg, Filip og Jakob ikkje vel å springe EM terrengløp, så sender dei ikkje lag, men viss vi spring, så tenkjer eg at dei kan gi oss retten til å ta ut vårt eige lag. Kanskje.
– Så eit ultimatum?
– Ja, kanskje sånn anten eller, svarer han med eit smil.
Spring 100 km i veka
Etter å ha teke NM-gull på 1500 meter, tok òg Jakob Ingebrigtsen sjølv opp tanken om å få med endå ein bror på lag.
– Eg trur ikkje det er opp til han (Kristoffer). Du får spørje Slokvik (sportssjef), ta det med han, seier 20-åringen og gliser.
Kristoffer Ingebrigtsen trenar no kvar dag og spring rundt 100 kilometer i veka, og det er Henrik som har teke trenaransvaret. Han har sjølv slite med ein hamstringsskade, og reknar med å vere tilbake i konkurranse i slutten av mai neste år. Derfor er det terreng-EM i desember 2022 dei har snakka om.
– Eg veit ikkje om det er lov ein gong, vi må leike litt med tanken i alle fall. Det hadde vore gøy, seier Henrik Ingebrigtsen.
Storebroren gjesta nyleg NRK-podkasten «I det lange løpet». Han stadfestar at ei deltaking i alle fall har vorte nemnt.
– Men det hadde vore litt frekt for dei som var seriøse, seier Kristoffer Ingebrigtsen med ein liten latter.
– Sit nok langt inne
Sportssjef i Noregs Friidrettsforbund, Erlend Slokvik, trekkjer òg på smilebandet når han får høyre om påfunnet til brørne.
– Då må han nok blir betre, for vi har ein del som spring atskilleg fortare enn det. Det sit nok veldig langt inne, seier Slokvik, som likevel ikkje heilt ser bort frå at dei fire brørne kan få delta saman.
– Då måtte han eventuelt vore som sjettemann, for vi kan stille med seks, men det er tre som tel. Det er berre artig at dei finn på nokon sånne greie, meiner sportssjefen.
NRK-kommentator Post påpeikar at Kristoffer Ingebrigtsen førebels blir rekna som ein supermosjonist, og er eit stykke unna å vere toppidrettsutøvar.
– Men det er klart at viss det motiverer desse meir meritterte brørne til å stille kontra ikkje å vere med, så er det ein snedig tanke. Det ville vere ein spesiell konstellasjon, seier Post.
– Eg trur at dei kanskje kjem til å møte motstand nokon stader, men det kan hende dei får lov òg. Det spørst litt kva andre utøvarar meiner og synest. Det blir ein spennande prosess å følgje, legg han til.