- Datatilsynet si avgjerd gjer det meir aktuelt med ei lov, seier Giske til NRK.
Det var måndag Datatislynet stansa kontrollane som Antidoping Norge har gjennomført utanfor den organiserte idretten. Dei legg til grunn at det ikkje er ulovleg å ha eller skaffe seg dopingmidlar her i landet.
No vil Giske gjere noko med dette, og det kan føre til ei lov på linje med den som er innført av Italia. Der er det forbode å inneha dopingmidlar.
- Doping utanfor organisert idrett er eit omfattande problem. Det gjeld ikkje berre helse, men også den aggresjon og kriminalitet som følgjer med, seier Giske.
- Vi må ha lovfesta høve til å kontrollere og gripe inn, legg han til.
Spesialrådgjevar Andreas Høistad i Antidoping Norge helsar utspelet velkome.
- Ei lov løyser ikkje alle problem, men vil vere eit gidt hjelpemiddel, seier han.