EA vil ha karantene i ein olympisk syklus – fire år – for utøvarar som skifter nasjonalitet.
– Det gjekk vi klart inn for i helga, og eg trur vi også skal få IAAF (det internasjonale friidrettsforbundet) med på det, seier EA-president Svein Arne Hansen til NRK.
IAAF skal etter planen vedta dei nye reglane på sitt styremøte i slutten av juli.
– Eg reknar med at det blir vedteke der.
– Problemet er størst i Europa. Her er dei største meisterskapa, seier Hansen.
– Andre verdsdelsforbund har problem med å få dei beste til å delta. Vi har ingen problem med det.
Ingen reglar før 2016
Fram til hausten 2016 fanst det ingen reglar for skifte av nasjon. Overgangane var derfor mange, og det var mange agentar bak overgangane, akkurat som i klubbfotball.
– Før var det fritt fram. Om to forbund blei samde på bakrommet om ein overgang, galdt den frå nokre få veker eller månader etterpå.
Etter Rio-OL og EM i Amsterdam i 2016 sette IAAF foten ned. Dei la ned totalforbod mot alle nasjonsovergangar inntil vidare, i påvente av nye reglar.
– Berre i den siste månaden før OL i Rio var det 26 overgangar mellom nasjonane. Det blei også utnytta av agentar som jobba for nokre statar, seier Hansen.
– Og vi hugsar alle EM i Amsterdam for berre to år sidan. Dei første dagane var det berre snakk om kenyanske løparar som sprang for Tyrkia. Slik kan vi ikkje ha det.
Det er ikkje minst overgangar frå afrikanske land som Kenya og Etiopia til europeiske land som har gjort dette til eit problem.
– Vi har full støtte for vårt syn frå det afrikanske forbundet.
Mister eit OL
EA går derfor inn for eit nytt sett reglar:
- Ingen kan skifte statsborgarskap meir enn ein gong
- Ingen kan skifte statsborgarskap før dei er 20 år
- Dei som skifter statsborgarskap, må vente ein olympisk syklus, altså fire år, før dei kan delta i meisterskap. Det betyr at dei uansett tidspunkt for nasjonsovergang mister eit OL
– Dei kan delta i Bislett Games og andre stemne i mellomtida, forklarer Svein Arne Hansen.
Men dei blir utestengde frå både innandørs- og utandørs-EM, nasjons-EM, U23, junior, U18, og terrengløpsmeisterskap.
Familiære unntak
– Forslaget til IAAF går på utestenging i tre år, men eg sa på styremøtet i mars at vi burde gå for fire år. Det fekk eg støtte for av utøvarkomiteen i IAAF, og no også samrøystes frå styret i EA, seier Hansen.
Men Hansen og EA vil gi unntak. Eit panel skal vurdere alle søknader om overgangar, og dei kan i ein del tilfelle gi grønt lys for kortare karantener.
– Det kan vere flyktningar som kjem til Europa, det kan vere familiegjenforeining, det kan vere giftarmål, eller andre gode grunnar. Panelet skal vurderer om dette er reelt eller ikkje.