Vil ha alkoholservering på handballkampane

Viking-trenar Gunnar Blombäck meiner kaffi og kake-tida er forbi. No vil han ha alkohol til norske handballkampar.

Alkohol-servering på kampene er det som skal til for å lokke publikum til norske håndballbaner. Det hevder Viking-trener Gunnar Blombäck. Håndball-forbundet ønsker nå en debatt om alkohol skal bli tillatt.

Ønsker alkoholservering på håndballkamper

- Vi lever framleis i pølse- og vaffelstadiet og heimebaka kaker. Å kome to timar før kampen for å ete kake trur eg ikkje er spesielt interessant, seier Blombäck til NRK.

Han tek opp att diskusjonen som dukkar opp frå tid til anna: Skal det vere lov å selje alkohol på idrettsarrangement i Noreg? Ja, meiner den profilerte svenske trenaren.

- Publikum treng meir enn kampar

tomme tribuner

Her er tribunene tomme. Alkoholservering vil hjelpe, meiner Viking-trenaren

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Han viser til at klubbane har vanskar med å trekkje publikum på kampane. Publikum treng noko meir, meiner svensken.

- Det handlar ikkje om alkohol i rusande tilstand, men meir om selskapeleg tilstand. I 2012 finst dette overalt i samfunnet, og vi bør venje oss til det også i idrettshallar.

Forbundet ønskjer alkoholdebatt

Handballforbundet vil også sjå på totalproduktet, og ønskjer ein alkoholdebatt velkomen.

- Vi må ikkje vere redde for å sjå på alkohol på handballarrangement. Den diskusjonen må vi tore å ta. Eg veit ikkje kva konklusjonen vil bli, men vi må høyre på argumenta. Det kan ha noko for seg i samband med å vidareutvikle arrangementa, seier generalsekretæren i handballforbundet, Erik Langerud.

Det blir servert alkohol i losjar under fotballkamper, og internasjonal handball er det også vanleg med alkoholservering.

Meiner du det bør vere lov med alkoholservering på handballkampar og andre idrettsarrangement?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Fyllingen skal ha oktoberfest

Nokre finn måtar å gjere dette på også i dag. Laurdag 6. oktober planlegg Fyllingen Bergen ein "oktoberfest" i samband med eliteseriekampen mot Runar . Då skal dei ha underholdning og mat - og alkoholsal - i eit telt like ved hallen der kampen skal spelast.

- Vi har etter grundige diskusjoner kome fram til at dette er innanfor det vi kan stå for, seier dagleg leiar i Fyllingen Bergen, Ellen Nygård Nilsen, til Bergensavisen, som er budd på reaksjonar.

Men dette er sal utenfor hallen, sjølv om det er i klubbens regi og i samband med ein kamp. Dessuten krev Fyllingen førehandspåmelding til oktoberfesten. - Dermed har vi full kontroll, seier Nilsen.

- Opp til klubbane sjølve

Erik Langerud kjenner ikkje detaljane i Fyllingens arrangement.

- Men så lenge arrangementet er innanfor norsk lov, har ikkje vi noko imot det. Så lenge alkoholsalet ikkje foregår i hallen eller under kampen, er dette opp til klubbene sjølv, seier Langerud til BA.

Samtidig markerer Norges Håndballforbund sterkt aksjonen Se og bli sett. Eitt av kjernepunkta der er gode leiarar som rollemodellar, og som er heilt klare på at idrett og alkohol ikkje høyrer saman.

- Ja dette er kanskje ein raud klut, seier Blombäck til NRK.

Kva meiner du? Sei di meining i kommentarfeltet!

Siste nytt

  • Inter framleis utan poengtap

    Inter tok sin fjerde siger av fire mogelege med 2-0 mot byrival Milan. Marcelo Brozovic og Romelu Lukaku scora i andre omgang. Det er Lukakus tredje mål i Serie A etter overgangen frå Manchester United.

    Inter leier framfor Juventus, som slo Hellas Verona 2-1. Milan er nummer 9.

    Romelu Lukaku
    Foto: Marco Bertorello / AFP
  • Fortvilar etter nytt Barcelona-tap

    Barcelona gjekk på sitt andre tap på dei første fem rundane då Granada vann 2-0 laurdag kveld. Ramon Azez scora etter to minutt, og Alvaro Vadillo dobla på straffe etter 66 minutt.

    Barcelona starta utan Lionel Messi, som kom inn frå start i andre omgang.

    Lionel Messi
    Foto: Marcelo Del Pozo / Reuters
  • Mållaust i Bergen

    Brann hadde ballen klart mest i Bergen mot Haugesund, men det enda med 0-0 framfor 10.000 nokså misnøgde bergensarar.

    Brann hadde klart overtak før pause, men Haugesund var betre med i andre omgang.

    – Siger til oss i dag hadde vore eit ran, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug til Eurosport.

    – Vi var overraskande bra før pause, og burde hatt mål. Etter pause får vi ikkje i stand same trykketMen vi har eit nykomponert lag og blei slitne mot slutten, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.

    Nilsen snakka med supporterane etter kampen.

    – Eg trur dei forstår at vi har det vanskeleg. Vi må tenkje nytt og mobilisere det vi har. Vi skulle hatt fleire tilgjengelege, men med 5-6 ute er det vanskeleg.

    – Høyrde du ikkje pipinga då de gjekk av bana?

    – Eg er tunghøyrd. Men eg trur publikum forstår at spelarane blødde for drakta og gjorde det dei kunne i dag. Det er frustrerande å ikkje vinne, seier Nilsen, som skal ta laget sitt til Rosenborg på Lerkendal neste helg.

    Lars Arne Nilsen
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal