NRK Meny
Normal

Vil fortsette med knallhard sjølvkritikk

KITZBÜHEL (NRK): Slalåmstjerna Henrik Kristoffersen forstår at andre raskt kan stemple han som sjølvdestruktiv når det går dårleg, men trur ikkje han blir bedre av å vere snillare med seg sjølv.

Kristoffersen

TILBAKE I KITZBÜHEL: I dag køyrer Henrik Kristoffersen i løypa han fekk sitt store gjennombrot i under slalåmen i fjor. Då tok 19-åringen 2. plass.

Foto: LEHTIKUVA / Reuters

I desember køyrte han ut i to slalåmrenn. I dag skuffa han i første omgang og ligg som nummer ti før andre omgang i Kitzbühel, halvanna sekund bak leiande Marcel Hirscher.

– Eg køyrer egientleg bra på ski, men det stoppar opp to gangar og då går tida fort, seier Kristoffersen.

Det store gjennombrotet frå førre sesong er kjent for å vere knallhard mot seg sjølv når det går dårleg.

– Eg reagerer på min måte. Sånn har eg alltid reagert. Det er grunnen til at eg har nådd dit eg har nådd.

– Ein skal ikkje vere likegyldig, meiner eg. Køyrer du dårleg kan du ikkje bare tenke «jaja, det kjem nye renn». Då vil det mest sannsynleg gå dårleg i neste renn også, seier Kristoffersen.

– Eg skjønnar at folk kan sjå at eg gravde meg litt vel langt ned, men det er sånn eg er som person. Ski er livet mitt, så når det går dårleg så går det ut over humøret, seier 19-åringen.

– Har ikkje vore dårleg i slalåm

Likevel er han ikkje med på at slalåmsesongen har vore under pari.

– Eg må ta den greia ein gang for alle, så er eg ferdig med det: Slalåmen har vore bra i heile år. At eg køyrte ut i to renn i desember er sånn som skjer, men den dårlegaste plasseringa eg har i renna eg har fullført er femteplass, seier Kristoffersen, som innrømmer at storslalåmprestasjonane har vore dårlegare enn venta.

Tilbake i bakken han for alvor slo gjennom i

I dag var han tilbake i bakken han fekk sitt første, store gjennombrot i. Under Kitzbühel-slalåmen i fjor overraska han med 2. plass. Ved å vinne eit så klassisk slalåmrenn blei han for alvor lagt merke til av konkurrentane.

Henrik Kristoffersen blei stjerne i løpet av få dagar. For i det neste rennet klatra han øvst på pallen framfor 40 000 austerrikarar i Schladming.

PS: Sebastian Foss Solevåg ligg på 30. plass etter første omgang og startar først i andre og siste omgang, 2,65 sekund bak leiande Hirscher.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Fellesstart
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Fellesstart