Hopp til innhold

Oilers vil forsterke før Champions League

Alle dei utanlandske spelarane i Stavanger Oilers står utan kontrakt etter årets sesong. Om berre nokre månader skal dei ut i den gjævaste klubbturneringa i Europa.

Oilers

STEMNING: Det var full fest då Stavanger Oilers slo Vålerenga 1-0 i den sjette finalekampen, og sikra seg kongepokalen måndag.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Etter at Stavanger Oilers henta heim «byttå» i går kveld, ventar gjævt spel i den nyoppstarta Champions Hockey League (CHL).

Champions Hockey League er ein ny liga som samlar dei beste klubblaga i Europa, og skal avsluttast med å kåra det beste klubblaget i verdsdelen den 3. februar 2015. Turneringa tek over for European Trophy som den gjævaste klubbturneringa i Europa.

Oppsettet for turneringa er ikkje heilt fastsett endå. Det er litt forvirring om dei må gjennom kvalifiseringskampar for å koma til gruppespelet, men slik det ser ut no, er dei med i det gjeve selskap og skal spele gruppespel mot tre andre lag frå august til oktober.

– Det blir spanande å konkurrera mot dei beste. Det er ikkje forventa at me skal vera med å dominera, men me skal bita frå oss og trur me kjem til å overraska, seier sportssjef i Oilers, Pål Higson.

Pål Higson

PÅL HIGSON

Foto: Thomas Winje / NTB scanpix
Alle utanlandske utan kontrakt

Men for å bita frå seg mot knallhard motstand skal det gjerast endringar i spelarstallen. Alle dei utanlandske spelarane står utan kontrakt vidare med Oilers, og sportssjefen har mange namn på blokka som han kunne tenkja seg å sjå meir på og eventuelt henta til oljebyen.

– Laget er bra, men me vil bli endå betre. Nokon av dei utanlandske spelarane vil få tilbod om fornya kontrakt, andre vil ikkje få det. Men slik er hockeyen, og i denne sporten er det mange korttidskontraktar, seier Higson.

Oilers imponerte stort då dei tidlegare i år vann kontinentalcupen etter at dei vann mot italienske Asiago

– Me viste der at me kan gjera det godt mot internasjonal motstand, seier Higson

Stavanger Oilers inviterte fansen til å feire lagets tredje kongepokal på rad. Flere tusen møtte opp.

Meir pengar i omløp

Med sportsleg suksess kjem ofte også økonomisk vinst. Eigar Tore Christiansen har allereie lova to millionar kroner til satsing mot gode resultat i Europa. Higson håpar også at turneringa vil føra til høgare inntekt for klubben.

– Målet er å tena pengar på å delta der. Me må satsa for å vinna og tena pengar, så det er kjekt at styret er villige til å bidra til det. Det har gitt avkastning til no, seier han.

Med både økonomisk og sportsleg satsing mot internasjonal motstand kan, og bør, laget ta nye steg for ikkje å bli ein kasteball for dei andre laga.

Rosenborg vann 13 strake seriemeisterskap i fotball frå 1992 til 2004 og var med i Champions League for første gang i 1995/96. Desse åra var dei suverene i den heimlege ligaen, og distanserte dei mange av andre norske laga.

Men Higson trur ikkje det same vil skje med Oilers, sjølv om dei no er klare for den gjævaste turneringa i Europa.

– Heime framleis viktigast

– Det kjem aldri til å bli enkelt å vinna den norske serien. Det er beinhardt å vinna GET-ligaen, og det kjem alltid til å vera primærmålet vårt. Europacup er ein bonus, slår han fast.

Oilers feirer gull

HØG CHAMPAGNEFØRING: Det vart feira for harde i DNB Arena måndag, og seinare i Stavanger sentrum.

– Eg tvilar på dei distanserer dei andre laga. Skal dei vera på høgde med dei 20 beste i CHL, då må budsjettet oppjusterast noko veldig. Det trur eg ikkje skjer. Det er ikkje sunt for verken Oilers eller norsk hockey om dei gjer det, seier Tore Vikingstad.

Den tidlegare Oilers-spelaren og utanlandsproffen var sjølv med å vinna sluttspelet i 2013. Han meiner det var veldig viktig for Oilers å få denne sjansen no.

Tore Vikingstad

TORE VIKINGSTAD

Foto: HANS DERYK / REUTERS

– Nivået i den ligaen blir bra. Det er mange bra lag med der, det er det ikkje tvil om. Det er perfekt for Oilers å få den matchinga og få møta litt anna motstand.

– Eg trur dei vil klara seg ganske greitt, i alle fall på heimebane, der kan dei ta ein skalp eller to av dei store laga. Dei er jo ikkje gode nok til å vinna, men det er ingen som forventar heller.

– Har vore eit sakn

– CHL er ein klubbturnering som me har sakna i hockeyfamilien, seier Petter Salsten, sportssjef i Norges Ishockeyforbund.

Med deltaking i både den heimlege ligaen og CHL blir det mange kampar på Oilers. Salsten seier laget må bu seg på tøffe periodar.

– Det blir tøft, og dei må dei ha ein spelarstall som handterer det. Dei har vore flinke til å setja saman ein brei og god spelarstall tidlegare år, og mange vil nok seia at det er årsaka til at dei har vunne så mykje dei siste åra. Dei har førebudd seg godt og har delteke i kontinentalcupen dei siste åra og har den rutinen som skal til for å setja saman eit slagkraftig lag.

– Det er ein fantastisk moglegheit for eit norsk lag til å markera seg i den internasjonale klubbhockeyen. Det er europacup, inspirasjon for klubben, inspirasjon for spelarane, inspirasjon for norsk hockey, så me tykkjer det er ein fantastisk moglegheit, seier Salsten.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal