– Det var eit sjokk å få den beskjeden. Eg synest det er trist. Eg veit at fleire av jentene som var aktuelle for EM-start, kunne tenkt seg å gjere det på denne måten.
– EM er eit stort meisterskap der vi norske har store sjansar til å få gode resultat, seier Bjørnsrud til NRK.
Bakgrunnen er denne:
EM i sykling skulle eigentleg gått i franske Nice. Men etter terroren i byen 14. juli trekte Nice seg som arrangør.
Då hadde allereie Norges Cykleforbund brukt rundt 200.000 kroner på depositum til booking av hotell og flybillettar. Dette er pengar dei enno ikkje veit om dei får igjen.
Derfor har dei valt å slanke troppen til 11 juniorar og U23-ryttarar til EM, som er flytta til Plumelec i Bretagne. Ingen norske syklistar kjem til å delta i eliteklassen. Kvinnenes landevegsritt går laurdag.
Fekk avslag
Men Miriam Bjørnsrud ville av garde likevel. Derfor skreiv ho til sportssjef Hans Falck og tilbaud seg å betale reise og opphald sjølv.
Det fekk ho ikkje.
– Dei kunne ikkje gi ein enkelt utøvar lov til det. Då måtte dei gi andre utøvarar i andre klasser også lov til det, var grunngjevinga eg fekk, seier Bjørnsrud.
– Av økonomiske grunnar måtte vi bestemme oss – nokså raskt – for om vi skulle stille opp eller ikkje, seier sportssjef Hans Falck til NRK.
– Det hadde vel vore betre å gjere eit uttak, så kunne dei uttekne valt sjølv om dei ville eller kunne hatt råd til å reise eller ikkje, seier Bjørnsrud.
– Kan ikkje kjøpe seg landslagsplass
Men Falck meiner forbundet ikkje kan gjere det.
– Vi har inga ordning der utøvarane betaler opphald og reise sjølv. Skal vi delta, må vi ha ei løysing som omfattar både massørar, mekanikarar og lagleiarar, seier Hans Falck.
Som også trekkjer fram prinsipielle spørsmål som melder seg.
– Vi kan jo kome i ein situasjon der den beste ikkje kan betale, og at vi derfor stiller med ein som ikkje er så god, og som kan betale. Ein kjøper seg ikkje ein landslagsplass. Det handlar ikkje berre om ein syklist, det var ei generell avgjerd vi tok, seier Hans Falck.
– EM var det store målet
– Det er surt. Eg var tidleg klar over at eg ikkje var aktuell til OL, og VM går i ei flat løype som ikkje passar for meg. EM var det store målet i år, seier Bjørnsrud.
– Dersom eg ikkje blir teken ut til VM i Qatar, er sesongen slutt for meg.
PS: No ser det ut som om forbundet får tilbake store deler av pengane dei har lagt ut. Men det er for seint for EM-deltakinga.