– Systemet vi har i dag er misbrukt, og reglane blir manipulert, sa IAAF-president Sebastian Coe på ein pressekonferanse etter styremøtet. – Deltaking i meisetrskap er basert på nasjonalitet.
Styret vil fryse alle overgangane frå i dag av. I løpet av året skal det utarbeidast reglar for korleis søknader som nasjons-overgangar skal handterast i framtida. Det arbeidet skal leiast av styremedlem Hamad Kalkaba Malboum.
«Transferlister»
– Eg har snakka med mange nasjonale forbund som regelmessig får lister over utøvarar som er tilgjengelege for handel. Det er eit system vi ikkje kan leve med, sa Coe.
– I dag har vi ein open afrikansk marknad med afrikanske talent som går til høgsbydande. Det er ein situasjon som blir heilt feil, sa Malboum.
Han skal altså leie arbeidet med nye reglar. Den europeiske friidrettspresidenten Svein Arne Hansen sa til NRK i juli at det bør bli mykje vanskelegare å byte nasjon.
– Det bør vere som i landslagsfotballen, at dei som har representert eitt land, ikkje kan representere eit anna etterpå, sa Hansen.
Talet på utøvarar som melder overgang til land dei ikkje har noko samband med, har auka dei siste åra. Fleire av dei har skifta nasjon fleire gonger.
Kritikk av Tyrkia
Dette har hausta sterk kritikk. Ikkje minst fekk Tyrkia mykje kritikk under EM i sommar. 17 av dei 48 i troppen var fødde og oppvaksne i andre land.
Systemet er ifølgje Coe styrt av agentar som organiserer overgangar omtrent som i internasjonal klubbfotball.
Det er i hovudsak dei store løparnasjonane Etiopia og Kenya som eksporterer utøvarar til andre nasjonar.
Bahrain tok to friidrettsmedaljar i OL i Rio i sommar – gull på 3000 m hinder ved Ruth Jebet og sølv i maraton ved Eunice Kirwa. Begge er fødde og oppvaksne i Kenya.
Yasemin Can tok to EM-gull for Tyrkia i sommar. Kort tid før representerte ho Kenya under eit anna namn.
I desember tok Karoline Bjerkeli Grøvdal bronse i EM i terrengløp bak to tyrkarar som nyleg har konkurrert for Kenya.
– Eg synest reglane bør endrast, sa ho til NRK.
15 søknader om nasjonsskifte er under behandlig, og desse blir ikkje omfatta av forbodet.
Video: Her tek Karoline Bjerkeli Grøvdal EM-medalje, slått av to som er fødde og oppvaksne i Kenya, men som fekk tyrkisk statsborgarskap i mars.
Russland rekk ikkje VM
På styremøtet i kveld slo IAAF-styret også fast ei rekke vilkår som Russland må møte før dei igjen får delta i internasjonal friidrett. Ein rapport frå ei gruppe med Rune Andersen i spissen seier at Russland har nådd eit stykke, men at mykje står att.
– Utestenginga for Russland som nasjon blir neppe oppheva før tidlegast i november, sa Coe. Det betyr at landet ikkje får delta i VM i august. Men IAAF held døra på gløtt for at enkelte utøvarar kan få delta under nøytralt flagg. 35 utøvarar har så langt søkt om det.