21-åringen frå Oslo leia Korn Ferry-turneringa i Boise før siste runde. Der gjekk han på solide tre under par, men det var likevel ikkje godt nok til å halde unna for Matthew NeSmith. Amerikanaren fullførte sisterunden på sju under par og gjekk forbi nordmannen.
Dermed må Hovland framleis vente på sin første proffsiger.
Likevel har han nådd det store målet før Korn Ferry-finalen neste helg, nemleg å bli blant dei 25 beste i turneringa, og dermed sikre seg PGA-tour-kortet.
PGA-touren er den mest prestisjefylte og pengesterke golfturneringa i verda. 45-50 turneringar i året inngår i touren, deriblant dei fire store såkalla major-turneringane Masters, US Open, British Open og PGA Championship.
I eit intervju på Korn Ferrys nettside seier han at han ikkje tenkte serleg mykje på PGA medan han spela.
– Det viktigaste for meg var turneringssigeren, seier Hovland, som leverte sin svakaste runde på avslutningsdagen. Det kosta han sigeren.
– Eg er litt skuffa over at eg ikkje presterte betre i dag. Men i løpet av eit par dagar vil eg nok ta til å sjå framover å glede meg til neste sesong. Det er på PGA-touren eg verkeleg har ønska å spele. Eg håpar å spele der lenge, seier han.
To nordmenn med
Viktor Hovland blei proff så seint som tidlegare i sommar. Då hadde han allereie rukke å bli beste amatør i US Open i juni, og det med eit resultat ingen amatør har greidd i turneringa før.
Neste sesong har Noreg for første gong to spelarar med i PGA. Kristoffer Ventura sikra seg fast plass for nokre veker sidan.
Hovland har også sjansen til å vinne Korn Ferry Finals samanlagt i Indiana neste helg. Det vil gje han plass i alle turneringar dei ønskjer neste sesong, inkludert prestisjetunge Players Championship, skriv Norsk Golf.
PGA-sesongen 2019-20 opnar allereie 12. september i White Sulphur Springs i West Virginia.
I Boise enda Hovland på 18 under par totalt, det same som Brandon Hagy, som også gjekk sisterunden på sju under par. NeSmith slutta på minus 19.