– Vi er ikkje fornøgd med uavgjort, men vi fortente poenget etter det vi viste i andre omgang, sa Ohi Omoijuanfo til NRK.
Då hadde han nettopp scora sitt niande mål for sesongen, og eitt av dei viktigaste.
Han har medkjensle med Viking, som såg sigeren glippe, og som ligg klart sist på tabellen.
– Stabæk var der i fjor. Vi veit korleis det er. Dei må berre «gønne på» og ikkje gi opp.
Fire og eit halvt minutt på overtid – eit halvt minutt på overtid av overtida – lempa Stabæk ballen langt opp i eit siste desperat forsøk på utlikning. Der vinn Stabæk duellen, og Ohi kunne smelle ballen i buret.
– Eg er stolt av gutane, sjølv om vi mista sigeren. Vi følgde kampplanen. Men det var hjarteskjærande å miste sigeren, seier Viking-trenar Ian Burchnall til NRK.
Spektakulært leiarmål
Då hadde Viking leia i over ein omgang.
Målet rett før pause og var ei blanding av det spektakulære og det lett komiske:
Skogstad skal avklar, men headar i staden ballen bakover mot eige mål. Kwesi Appiah oppfattar situasjonen raskt, og møter ballen med eit brassespark.
Brassen er ikkje spesielt vellukka. Men Stabæks keeper er på veg ut, og litt ute av balanse lar han ballen gå mellom beina og i det tomme målet.
– Viking har gjort det vanskeleg for Stabæk, og Stabæk har også gjort det vanskeleg for seg sjølv, sa MAX-kommentator Bengt Eriksen. Før utlikninga.
Etter pause la Viking seg bakpå, og Stabæk hadde grep om kampen. Og det såg ut til å gå mot sesongens første bortesiger for tabelljumboen.
Men toppscorar Ohi ville det annleis. Og med utlikninga slapp også Stabæk å gå mållause av bana for tredje heimekamp på rad.
- Les også: – Kalv på Nadderuds beitemark