– Du skal ikkje få raudt kort for å takle siste mann, berre dersom du dyttar han. Så eg forstår ikkje kvifor han skal få raudt for dette, seier Vikings trenar Ian Burchnall til NRK.
– Det blir for tilfeldig, legg han til.
Han nakkar om episoden etter 11 minutt. Fredrik Brustad kom seg heile gjennom og blei lagt i bakken av José Cruz. Raudt kort til Viking og straffe til Molde.
– Det er derfor eg er frustrert. Vi har lenge vore i ein situasjon der alle avgjerder går imot oss.
Burchnall meinte Vikingleverte ein god kamp i kveld.
– Dei var ikkje det beste laget i denne kampen. Dei har mykje ball fordi dei har ein spelar meir. Men vi viser fantastisk moral.
For fjerde kamp på rad tok Viking leiinga. Og for fjerde gong på rad makta dei ikkje å halde på leiinga. Det enda med klubbens 13. tap i år – tangering av klubbrekorden frå 2006. Og det med åtte kampar igjen.
– Når vi spelar mot 10 mann skal vi roe det ned og bruke dei sjansane vi har. Det makta vi ikkje. Men heldigvis har vi Erling, sa Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.
Jærbuen og innbytar Erling Braut Håland skulle bli den som avgjorde kampen.
– Det var kjekt å senke Viking, seier Håland. Han blei bytta inn midtveges i andre omgang.
– Eg er frå Bryne, og der har vi alltid hatt rivalisering mot Viking, legg han til.
– Han har det som skal til for å vere ein matchvinnar, seier Solskjær.
12 dramatiske opningsminutt
Kampen opna med 12 dramatiske minutt, og det var heimelaget som kunne juble først.
Berre 90 sekund var spela då eit frispark frå Kristoffer Haugen trefte Moldes mitdstoppar Babacar Sarr og spratt i mål til 1-0 for heimelaget.
Men lykka skulle snart snu for Viking. Raudt kort til Viking og straffe til Molde.
– Eg forstår ikkje kvifor dommaren plutseleg skal dømme raudt på dette når dei ikkje har gjort det før denne sesongen, seier Tommy Høiland etter kampen.
Nær redning
Vikings keeper Amund Wichne var nær redning på Björn Bergmann Sigurdssons straffespark, men rakk ikkje heilt fram, og 1-1.
Viking tok likevel tak i kampen med sine 10 mann. Men ved eitt høve var Vikings-forsvar heilt i oppløysing, og Martin Ellingsen fekk allverdens tid og rom til å sette inn 2-1 for gjestene ved pause.
I andre omgang låg Viking høgt for å få utlikninga. Det gav Molde store rom mot det kjempande heimelaget.
Eit snaut kvarter før slutt blei det to livlege minutt i kampen.
Først utlikna veteranen Tommy Høiland etter pasning frå Fredrik Torsteinbø. Med sitt fjerde mål for sesongen utlika veteranen til 2-2.
To minutt seinare fekk Håland alt rommet han hadde bruk for og sende pasninga frå Fredrik Aursnes i mål, og gjestene vann 3-2.