– Eg må beklage til fansen. Eg er veldig skuffa, seier Viking-trenar Ian Burchnall.
Viking er ikkje bare klart sist i eliteserien. Rogalands største lag er no også ute av cupen etter tap for Egersund.
2.-divisjonslaget hadde føringa gjennom kampen, og dei gulkledde vertane kunne scora både fire og fem gangar.
Dette er laget som ikkje har for vane å score meir enn eitt mål per kamp i serien denne sesongen. Egersund bare vunne ein av seks kampar i årets 2. divisjon.
Burchnall: – Spissen er god nok for Viking, men vi har ikkje pengar
På 2-1 var Egersund-spissen Bubacarr Sumareh nær ved å punktere kampen med ei praktfull avslutning i tverrliggar.
Sumareh skapte stor frustrasjon i Viking-forsvaret frå start. På ein overgang etter 18 minutt fekk 26-åringen frå Gambia ballen i bakrom, parkerte midtstopparane og sette inn 1-0.
– Dette er den beste dagen i karrieren for meg. Eg klarer ikkje å uttrykke kor stort dette er, seier Sumareh.
Kvarteret seinare kom Egersunds svært aktive spiss i ein nesten identisk situasjon som før 1-0-målet. Sumareh mottok ballen på eigen halvdel, og kunne sprinte mot Viking-målet.
Men denne gangen blei han lagt i bakken av Usmani Sale, som fekk raudt kort.
Viking-trenar Ian Burchnall meiner Sumareh er god nok for eliteserien.
– Hadde han vore Viking-spelar hadde han starta mot Strømsgodset i neste eliteseriekamp, men vi har ikkje pengar i Viking, så vi kan ikkje signere spelarar som det, seier Burchnall.
Hardt ut mot dommaren
Den pressa trenaren meiner også at dommaren burde blåst straffe då ein Viking-spelar blei lagt i bakken i Egersund-feltet i første omgang.
Dommaren vinka spelet vidare, og fekk det til å koke for Burchnall.
– Det var ei hundre prosent klar straffe. Hundre prosent. Til og med Stevie Wonder såg at vi skulle hatt straffe. Når vi speler mot lag på lågare nivå får vi også dommarar på eit lågare nivå, men til sjuande og sist er det vår prestasjon som fører til tap i dag, seier Burchnall.
– Skal du fortsette som Viking-trenar?
– Det er ikkje opp til meg. Det spørsmålet må du rette til dei som tilsette meg, seier Burchnall.
Tar spelarane i forsvar
Mathias Bringsaker utlikna for Viking i andre omgang, men Egersund lot seg ikkje skremme av det.
Det gulkledde heimelaget hamra inn både 2-1 og 3-1, og kunne juble for tidenes første triumf over Viking i cupen.
For det tapande eliteserielaget vil nedturen ingen ende ta.
– Dette har ingenting med spelarane sin motivasjon å gjøre. Det handlar om kvalitet, det handlar om å kunne levere over tid. Vi har prestert bra i fire-fem kampar, men vi må bli meir stabile i prestasjonane. Dét klarer vi ikkje no, sa Viking-trener Burchnall