NRK Meny
Normal

– 80 prosent sjanse til å slå Weng

Kari Vikhagen Gjeitnes (30) meiner sjølv ho er storfavoritt i duellen mot Heidi Weng om den siste plassen på sprintlaget. Laurdag blir den siste plassen avgjort ved amerikansk uttak i VM-generalprøva i Östersund.

Sjølvsikker Vikhagen Gjeitnes

Kari Vikhagen Gjeitnes får sin VM-debut i ein alder av 30 år – viss ho slår Heidi Weng i laurdagens sprint.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Weng

Heidi Weng er Gjeitnes´ rival om den siste plassen på VM-sprinten.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Endeleg var Kari Vikhagen Gjeitnes blant namna i ein meisterskapstropp for Noreg. Eit mål og ein draum 30-åringen har hatt i heile si aktive skikarriere.

Men då landslagstrenar Egil Kristiansen las opp uttaket var det med eit lite tillegg som gjorde at Gjeitnes ikkje kunne juble fullt ut.

– Det blir eit reint amerikansk uttak mellom Gjeitnes og Weng om den siste plassen i verdscupen i Östersund, sa Kristiansen på pressekonferansen på Røros.

Uttak med bismak

NM-sølvet Henning-løparen tok der var altså ikkje godt nok til å bli direkte utteken til den klassiske VM-sprinten.

– Eg blei sjølvsagt kjempeglad berre for å bli teken ut, men samtidig var det ein liten bismak. No er eg nøydd til å prestere enda ein gong.

Ikkje berre må ho prestere. Gjeitnes er nøydd til å slå jenta med tre VM-medaljar og fire pallplassar frå verdscupsprintar. Likevel meiner spesialsprintaren at fordelen er på hennar side før den svært viktige sprinten i Østersund.

– Den kampen skal eg greie å ta. Eg har tatt ho fleire gonger i år, så det skal eg klare igjen.

For Kari Vikhagen Gjeitnes har slått Heidi Weng i alle dei tre klassisksprintane dei har gått mot kvarandre denne sesongen. Gjeitnes vann i tillegg Skandinavisk cup i VM-løypa i Falun.

Weng på si side har fordelen av at ho har vore i langt fleire sprintfinalar, som for eksempel då ho tok andreplassen i den klassiske sprinten i Drammen i 2013. Vegen til Gjeitnes sin fyrste verdscupfinale i Asiago før jul i fjor, har vore ein del år lengre.

Vore meir kynisk

– Det har vore ein del stong ut. Eg har aldri nådd heilt opp til å bli tatt ut i troppen. Heldigvis viser det seg at jamt og trutt arbeid fungerer.

– Kva har du gjort riktig for å bli tatt ut akkurat i år?

– Eg har vore meir kynisk i prioriteringane mine i år og tenkt veldig mykje på klassisk sprint. Skøyting og distanserenn har eg prioritert vekk og det viser også resultata mine, konstaterer moldensaren.

Kampen om den siste plassen i Östersund ser du frå klokka 12.30 i morgon på NRK1.

Siste nytt

  • Heintz forlenget med Sarpsborg

    19-åringen Tobias Heintz skrev fredag under en ny fireårskontrakt med Sarpsborg 08. Unggutten fra Moss har hatt en god sesong og scoret tre mål for Sarpsborg 08. Den nye avtalen varer til sommeren 2019, melder klubben i en pressemelding.

    Eliteserien fotball 2017: Sarpsborg - Lillestrøm.
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
  • Islands fotballkvinner slo Tyskland

    Det er ikke bare mennene som kan sørge for fotballsensasjon på Island. Fredag tok kvinnene en svært sterk 3-2-seier borte mot Tyskland. Dermed tok Island sin andre seier i VM-kvalifiseringen.

    Germany Soccer Women WCup Iceland
    Foto: Thomas Frey / AP
  • Tror Zlatan er tilbake før nyttår

    Zlatan Ibrahimovic er fortsatt under opptrening i Manchester United etter fjorårets skade, men manager José Mourinho mener svensken nærmer seg et comeback. – Han er ikke tilbake neste uke eller om et par uker, men tror jeg han er tilbake i løpet av 2017? Ja. Men det er bare en følelse, sier Mourinho på pressekonferansen før helgens kamp.

    SOCCER-ENGLAND-BOU-MUN/
    Foto: Hannah McKay / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal