Hopp til innhold

VIF-målvakta «rømde» frå nye Toppserien: – Systemet er heilt elendig

Det nye seriesystemet vekkjer harme blant fleire spelarar og trenarar. Guro Pettersen drog til Sverige for å sleppe det, men det var først då ho vende heim det vart sett i bruk.

Football, Toppserien, Arna-Bjørnar - Vålerenga

VILLE BORT: Guro Pettersen ville eigentleg unngå seriesystemet i Toppserien. No blir ho ein del av «nye» Toppserien likevel.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

– Det er heilt katastrofe. Eg synest systemet er heilt elendig, så eg forstår veldig godt at åtte av ti ikkje likar det, seier Vålerenga-målvakt Guro Pettersen.

Det seier ho i samband med ei uformell spørjeundersøking NRK har sendt ut til alle klubbane i Toppserien, der spelarane skal seie si meining om seriesystemet.

For dei 108 spelarane som har svart på undersøkinga er ganske så samstemde. Åtte av ti deltakarar liker ikkje systemet, og ni av ti vil kvitte seg med sluttspelet til neste sesong.

– Dei første 18 kampane tel ikkje for dei nedste laga. For vår del, så vil vi vinne alle kampane for vi veit det kan gi utteljing i slutten av sesongen. Men for resten av serien, så speler dei ikkje for noko, meiner Pettersen.

NRK-undersøkelse i Toppserien

UNDERSØKING: NRK har sendt ut ei spørjeundersøking til spelarane i Toppserien. Svært mange er kritisk til dagens seriesystem.

Foto: MARIUS SIMENSEN / GRAFIKK / BILDBYRÅN / NRK

Ville vekk frå det nye systemet

Den fritalande målvaktprofilen til Vålerenga hadde nyleg eit opphald i utlandet, nærare bestemt Sverige.

Ho vart verande i to år i Piteå før ho returnerte til Oslo-klubben. No avslører ho at det nye seriesystemet, som vart vedteke tilbake i 2019, var ein grunn til at ho flytta til Sverige.

– Eg drog til Sverige før 2020-sesongen fordi eg var ganske misfornøgd med seriesystemet som skulle komme. Så eg hadde sjukt uflaks at systemet ikkje var der dei to åra eg var i Sverige, så eg fekk oppleve det for første gong. Eg trur òg at det blir siste sesongen (med seriesystemet), fortel Pettersen.

– Du kjenner deg sikker på det?

– Ja, det gjer eg.

Fungerande elitedirektør i NFF, Truls Dæhli, ville likevel ikkje gi eit klart svar på om det kan skrotast allereie til neste sesong. Uansett skal årets sesong naturlegvis fullførast med det nye systemet. Neste sesong kan det komme regelendringar igjen.

– Endringar er alltid vanskeleg å stå i, og det er krevjande. Eg trur det er viktig å stå i endringa og lever med ho på best mogleg måte. Det er allereie sett ned ei gruppe som skal evaluere Toppserien og det er nettopp for at ein kan gjere justeringar til neste sesong, fortel Dæhli til NRK.

Fotball herrer, A-landslaget trener på Ullevaal stadion.

KREVJANDE: Elitedirektør i NFF Truls Dæhli seier det er vanskeleg, men viktig å stå i Toppserie-endringa.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Oppsiktsvekkjande

Richard Jansen og Stabæk er blant dei som har vore sterkt imot det nye seriesystemet. Jansen er overraska over resultatet i undersøkinga til NRK.

– Eg synest det oppsiktsvekkjande at det ikkje var endå fleire. For eg høyrer berre tilbakemeldingar på at ingen liker det. At 20 prosent har trykt på noko anna enn at dei misliker det, overraskar meg litt, seier Jansen, som er Stabæks lagleiar.

Det er fleire som påpeikar at Brann, Vålerenga, Rosenborg og LSK Kvinner er storfavorittar til å kapre dei fire øvste plassane som fører til sluttspel der ein kjempar om meisterligaplass og seriegull.

– Då sesongen byrja, så visste alle kva lag som skulle bli topp fire, og slik ser det ut til å bli òg. Då var spenninga knytt til om eitt lag kan utfordre det fjerde beste laget. Det ser ikkje slik ut førebels. Der trur eg løpet er køyrt, og no førebur vi oss til serien i september. Så dette er strengt teke treningskampar, meiner Stabæk-leiaren.

Richard Jansen

FULL SLAKT: Richard Jansen seier han ikkje har høyrt om nokon som liker seriesystemet.

Foto: NRK

Han kjem med eit råd til dei som bestemmer.

Mitt råd er å gjere noko med det og finne på noko anna. Det er mange gode forslag med ti lag og nok kampar. Om eit par år bør vi gå tilbake til seriesystem. Hadde sluttspel vore kjempelurt, så hadde det vore innført i Premier League, Serie A, Bundesliga og La Liga, seier Jansen.

Han var òg kritisk til systemet før undersøkinga vart publisert. Det var på NRKs sending av Stabæk mot Røa der han fyrte laus.

– Sportar som har sluttspel er anten teite eller amerikanske – eller gjerne begge deler, sa Jansen.

Håpar undersøkinga gir resultat

LSK-kaptein Emilie Woldvik, som truleg kjem til å spele sluttspelet med dei fire beste, er òg lite fornøgd med dagens system.

– Vi (LSK) ønskjer å spele flest mogleg toppkampar, så det er bra. Men for produktet Toppserien trur ikkje eg dette er rett veg å gå, meiner ho.

NM i fotball 2021, semifinale: LSK Kvinner - Sandviken

KRITISK: Emilie Woldvik håpar NFF vurderer å skrote seriesystemet i Toppserien.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Ho er òg ein av dei som meiner mange kampar kan opplevast som treningskampar utan nemneverdig betydning.

– Eg synest eit vanleg system har fungert veldig bra. Så eg ser eigentleg ikkje nokon grunn til at vi må gjere noko heilt nytt, seier LSK-kapteinen.

– Trur du det blir skrota neste sesong?

– Det kan godt hende. No har de tilbakemeldingar på kva spelarane tenkjer, så eg håpar det blir teke med i betraktninga når ein bestemmer kva som skjer neste sesong.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest eller innspill til andre ting vi bør sjekke ut? Send meg gjerne en e-post!

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal