NRK Meny
Normal

VG: Hegerberg vil ha Nordlie som landslagstrenar

«Europas beste spelar», Ada Hegerberg, meiner at hennar mentale rådgjevar Tom Nordlie er ein god kandidat til å ta over som landslagstrenar for dei norske fotballdamene.

Ada Hegerberg

PÅ TRENARJAKT: Det norske kvinnelandslaget i fotball er på jakt etter ny trenar, etter at Roger Finjord ikkje forlengar kontrakta si.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Tidlegare i haust vart det klart at landslagssjef Roger Finjord ikkje vil forlenge kontrakta si med NFF. Den gong sa Finjord at han ikkje hadde hatt den nødvendige tilliten hjå spelargruppa.

Kontrakta til Finjord går ut ved årsskiftet, og Norge treng soleis ein ny trenar som kan leie laget gjennom EM-sluttspelet neste år.

No lanserer norges spydspiss, Ada Hegerberg, NRK-ekspert og Skeid-trenar Tom Nordlie som kandidat.

– Kunne tenkt meg Tom

Hegerberg spelar til vanleg for Lyon, der ho i fjor var med å vinne både den franske ligaen, cupen, og Champions League. Denne veka er ho med laget sitt i Norge, for å møte Avaldsnes til dyst i årets Champions League.

Tom Nordlie

ERFAREN: Tom Nordlie har trent mange toppklubbar i norsk fotball gjennom åra. Her som trenar for Avaldsnes, som møter Lyon til dyst i meisterligaen onsdag kveld.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Då ho blir spurt om ho ønskjer Tom Nordlie som ny trenar, svarar ho først avvikande.

– Det kan eg ikkje uttale meg noko særleg om.

– Kvifor ikkje?

– Eg jobbar tett med Tom Nordlie, utan at det er noko problem... Men, eg kunne godt ha tenkt meg å ha Tom som landslagstrenar. Det er ikkje noko å legge skjul på, seier Hegerberg til VG.

Overraskar Nordlie

Nordlie har foreløpig ikkje gjort seg nokon tankar om landslagsjobben, og seier til VG at han ikkje vil gjere det før han får ei konkret henvendig av NFF. Han meiner derimot det er kjekt at Hegerberg lanserer han som ein kandidat til jobben.

– Det er overraskande for meg at ho seier det. For me har ikkje diskutert det. Men det er hyggeleg at folk vil ha meg, seier Nordlie.

Han vil heller ikkje kommentere sitt eige kandidatur, og seier det er opp til NFF å bestemme det.

– Eg vil ikkje fremje mitt kandidatur. Eg forheld meg til at eg har kontrakt med Skeid ut denne sesongen, og at me diskterer ein mogleg forlenging, seier Nordlie.

– Det var ikkje me som sparka Finjord

Til NRK seier Hegerberg at det viktigaste er å få på plass ein trenar som verkeleg vil få til store ting med landslaget.

FBL-EUR-TROPHY

EUROPAS BESTE: Ada Hegerberg blei kåra til Europas beste spelar forrige sesong. Her saman med Cristiano Ronaldo, som vann same prisen for herrane.

Foto: VALERY HACHE / Afp

– Du skal ha ein type mentalitet. Du skal ha lyst til å vinne, og ha trua på det du gjer på. So må me skape eit prosjekt me trur på. Det kjem ikkje nødvendigvis på eit år, men det er noko me må bygge opp over tid.

Sjølv om ho og spelargruppa er klare for dialog, er det til sjuande og sist leiinga i NFF som står for ansettinga.

– Det er normalt at leiinga har ein relasjon til spelarane for å få tilbakemeldingar, men det er ikkje me som tek ut trenaren. Det må alle forstå, det er ikkje me som har sparka ein trenar.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Fellesstart
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Fellesstart