Det er niande gongen den 23 år gamle tyskaren har pole position denne sesongen. Ved sida av seg har han lagkamerat og VM-leiar Mark Webber.
Det er åttande gongen i år at Red Bull har dei to fremste plassane i starten.
- Nokre av svingane her er svært vanskelege, og det tar tid å finne ut av dei, seier Vettel, og sikta spesialt til sving 9, 10 og 11 på den 5621 meter lange banen i Yeongam.
Det er første gongen det skal køyrast formel 1-løp i Korea, og først
- Det er i svingane vi er best. På langsidene er alle omtrent like, derfor er det viktig å vinne svingane, seier Vettel.
Ferraris Fernando Alonso og McLarens Lewis Hamilton stiller i startfeltet bak dei to Red Bull-førarane.
Regjerande verdsmeister Jenson Button var ikkje heilt heldig, og fekk berre sjuande beste kvalifiseringstid.
Løpet i Sør-Korea er det tredje siste i årets VM. Løpa i Brasil og Abu Dhabi står att. Webber leier VM-samandraget med 220 poeng, framfor Alonso og Vettel som begge har 206.