NRK Meny
Normal

Vettel best i kvalifiseringa

Sebastian Vettel var klart best i kvalifiseringa i formel 1-løpet i Shanghai laurdag, og får beste startspor i løpet søndag.

Sebastian Vettel
Foto: PETER PARKS / AFP

Den 22 år gamle tyskaren vann løpet i Malaysia for to veker sidan , og startar ved sida av lagkamerat Mark Webber i Shanghai.

Det er tredje gongen i årets fire første løp at Vettel har "pole position".

Var nervøs

Vettel har hatt vanskar med bana i den kinesiske storbyen. Men berre minutt før kvalifiseringa var over laurdag, slo han til med ein perfekt runde.

- Han har slite, og så slår han til slik. Eg har ikkje peiling på kvar den runden kom frå, jubla Red Bulls lagleiar Christian Horner.

- Eg var litt nervøs sjølv, fordi Mark var så mykje raskare enn eg på treninga tidlegare i veka. Derfor var det utruleg godt å få det til på denne måten heilt mot slutten av kvalifiseringa, sa Vettel sjølv.

Problem med bilen

For Lewis Hamilton, verdsmeisteren frå 2008, var det motsett. Han har vore raskast heile veka, men var berre sjette best i kvalifiseringa, då han ikkje fekk bilen til å lystre skikeleg.

- Eg veit ikkje kva som er gale, sa Hamilton.

Bak Vettel og Webber startar Fernando Alonso (Ferrari) og Nico Rosberg (Mercedes), og ved sida av Hamilton startar regjerande verdsmeister Jenson Button, begge i McLaren.

Etter tre av sesongens 19 VM-løp leier Felipe Massa (McLaren) to poeng føre Alonso og Vettel, og ytterlegare to føre Rosberg og Button.

Michael Schumacher hadde niande beste tid i kvalifiseringa.

Siste nytt

  • Berge klar for landslaget igjen

    Sander Berge gjorde nylig comeback for Genk og er med i Lars Lagerbäcks landslagstropp til kampene mot Island og Panama. Midtbanespilleren var ute i nesten sju måneder med en skade i låret, men fikk en halvtime for Genk i 1-2-tapet mot Anderlecht søndag.

    Pressetreff med herrelandslaget i fotball
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Tøff VM-trekning for ishockeygutta

    Norge skal spille i gruppe B i neste ishockey-VM i Slovakia. Ishockeygutta skal ut mot Sverige, Russland, Tsjekkia, Sveits, Latvia, Østerrike og Italia.

    – En tøff gruppe sett med norske øyne, med VM-vinnerne fra Sverige og tapende finalist Sveits, var landslagssjef Petter Thoresens reaksjon overfor NTB etter at gruppefordelingen ble klar.

    VM i ishockey 2018
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • – Emery blir ny Arsenal-trener

    Tidligere PSG-trener Unai Emery kommer til å bli presentert som ny Arsenal-trener, skriver blant andre BBC. Mikel Arteta har vært favoritt til å erstatte Arsène Wenger, men nå skal Arsenal ha ombestemt seg i siste liten. Emery kan bli vist frem som klubbens nye trener innen uken er omme, skriver BBC.

    FBL-FRA-LIGUE1-CAEN-PSG
    Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal