– Qatar har mange event og idrettsarrangement. Det er jo ikkje fordi landet er interessert i idretten. Det er jo berre for å sjå bra ut, seier Mol og Sørum til NRK.
I januar avslutta sandvolleyballduoen den forskyvde 2022-sesongen i Qatar. Berre ei veke etter gjekk årets første turnering for 2023-sesongen av stabelen på same stad. Begge turneringane enda med norsk gull.
NRK snakka med Mol og Sørum under opphaldet deira i gulfstaten.
– Det er fleire som er kritisk til å spele i Doha. Det skjer ting i kulissane, men det er ein ganske stor kamp å ta med eit så stort forbund som FIVB, seier Mol.
– Bør Qatar få lov til å vere arrangør?
– I ei perfekt verd: nei, svarer duoen kontant.
Mol og Sørum har likevel valt å stille i turneringane som blir arrangert i landet.
– No har det komme meir fram i media etter fotball-VM. Vi har jo sett på saka og etter VM vore meir inkludert i det. Men no har verdsseriefinalen vore her og vi har ikkje så mange turneringar å spele, så vi har på ein måte valt å spele, forklarer dei.
ØNSKJER FULLSETTE TRIBUNAR: Med eit folkeliv som dette spelar ein best meiner sandvolleyballduoen. I Qatar er det lite engasjement på tribunen.
Foto: Lise Åserud / NTBØnskjer endring
– Ein er styrt av store internasjonale forbund. Det er synd at sporten er lagd opp slik at det er forbunda som har makt over spelarane og at det blir eit slikt hierarki, seier Sørum med støtte frå lagkameraten.
Men, no har duoen meldt seg inn i ei utøvarforeining (IBVPA) i håp om at det kan skje endringar. I den førre turneringa ønskja dei dialog med andre utøvarar om ein boikott.
– Vi må finne ut om vi har støtte og kva vi kan gjere med tanke på ein boikott til neste år eller å stå opp for oss sjølv. For det er ingen tvil i at det er fleire som er misfornøgde og det er fleire som har lyst til å boikotte, fortel dei.
Som verdseinera ønskjer Mol og Sørum å drive idretten i riktig retning.
– Eg trur vi har ganske stor påverkingskraft med tanke på den statusen vi har i sandvolleyballverda. Så det kan godt vere at vi kan i framtida vere med på å influense i riktig veg med tanke på arrangørane her i Doha.
No håpar dei at forbundet og spelargruppa saman kan få til endringa.
– Det blir ingen boikott om vi ikkje står saman. Så når ein då vel å gjere noko så er det ein sterk bodskap frå fleire. Det er på ein måte avgjerande og viktig at vi står saman i den gruppa vi er, at ein gjer ting saman som eit kollektivt, seier Sørum.
– Då har ein større makt òg, det er derfor den gruppa er til. Så får vi sjå kva som skjer framover, legg Mol til.
NRK har prøvd å få tak i det svenske sandvolleyballaget, Åhman/Hellvig. Dei spelte seg heilt opp til ein finale mot Mol og Sørum i opningsturneringa for 2023-sesongen. Svenskane ville ikkje stille til intervju då dei ikkje hadde diskutert temaet.
Får støtte
– Ofte er det einaste språket politikarar forstår boikott. Om det har noko for seg å boikotte turneringa i Qatar synest eg det er vanskeleg å meine noko om da eg ikkje kjenner detaljane i denne saka. Det er viktig å forsøke dialog først, fortel Viaplays ekspertkommentator Vegard Høidalen til NRK.
Han har kommentert turneringane i Doha og er einig i kritikken Mol og Sørum kjem med.
– Det er mange turneringar rundt omkring i verda no som eg ikkje synest held mål i forhold til ein del ting. Turneringane i Qatar er definitivt ein av dei, legg han til.
Høidalen kjenner FIVB frå innsida og meiner vegen sporten har gått dei siste åra ikkje er riktig veg.
– Noko må gjerast, og det å lytte til spelarane er alltid rett stad å begynne. Idretten er til for utøvarane, det er ikkje idretten som er til for leiarane. Folk med makt i mange forskjellige posisjonar gløymer veldig ofte kven og kva dei jobbar for, meiner Høidalen.
HELD IKKJE MÅL: Vegard Høidalen er einig med Mol og Sørum om at ei endring må til.
Foto: Vidar Ruud / NTBIngen kultur
Mol og Sørum innrømmer at det å spele i Qatar ikkje kjem utan bismak.
– Det er synd det ikkje er folk på tribunen og at det er ingen interesse, fortel dei.
Draumen for alle sandvolleyballspelarar er å spele for fullsette tribunar, men i Qatar meiner dei det er andre ting som er viktigare.
– Her i Qatar er det ingen kultur for idretten, sjølv om dei har eit av dei beste sandvolleyballaga i verda. Det er synd å sjå at det går den retninga, seier den norske duoen små fortvila.
I VERDSTOPPEN: Cherif Younousse og Ahmed Tijan representerer Qatar og tok bronse i OL i Tokyo. Likevel er det nesten ingen som heier dei fram på tribunen i Qatar.
Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFPStjerneduoen ønskjer å jobbe for å få ei turnering til Noreg.
– Det er jo ein problematikk at vi ikkje får spele heime i Noreg og må spele på bortebane på slike plassar som her. Det er på tide å få på plass ein turnering i Noreg så vi kan verkeleg vise korleis det skal gjerast, seier Mol.
Trass i mykje kritikk er duoen samd om at det har skjedd ei utvikling i sandvolleyballturneringane i Qatar dei siste åra.
– No er det ei turnering for kvinner her også. Det var det ikkje for tre år sidan, då var det ikkje lov. Eller då aksepterte ikkje Qatar at det var ei dameturnering. No er det lov og dei speler, fortel Sørum.
Det har lenge vore mykje diskusjon rundt kvinnene som speler i bikini. I Qatar må kvinnene spele i anna drakt.
– Damene speler med shorts vel å merke. Men det er ei utvikling, så det er jo på ein måte ein god ting oppe i alt det her. Men ja jentene speler med shorts og singlet, for å respektere kulturen her i Doha. Det er fair nok det, held dei fram.