NRK Meny
Normal

– Dette er betre enn verdsrekorden

– Eg meiner dette er det beste 10.000 meter-løpet nokonsinne. På høgfjellsbane kunne det ha gått på under 12.40, seier NRKs skøyteekspert Even Wetten.

I det nederlandske skøytemesterskapet imponerte Sven Kramer med tiden 12.46.96. Se innspurten her.

VIDEO: Sven Kramer imponerte stort i Heerenveen i helgen.

Han snakkar om Sven Kramers maktdemonstrasjon i det nederlandske distansemeisterskapet i Heerenveen, der supermannen sette låglands-verdsrekord på 10.000-meter med kanontida 12.46,96.

Det er 5,27 sekund bak verdsrekorden på 12.41,69 som han sjølv sette i Salt Lake City i 2007.

– Det er ein heilt utruleg prestasjon å gå så fort, og eg trur det var betre enn verdsrekordløpet, som gjekk på høgfjellsbane, seier Wetten.

– 12.46 på låglandsbane er «styggfort», seier han.

Nest beste resultat nokonsinne

Russia Speed Skating Worlds Sven Kramer

Tida til Sven Kramer i Heerenveen er den nest beste nokonsinne på 10.000 meter

Foto: Mikhail Metzel / Ap

Det er nesten tre sekund betre enn den tidlegare banerekorden på Thialf-stadion i Heerenveen, som også var verdsrekord på låglandsbane.

Kramers løp i Heerenveen var også det nest beste milløpet i skøytehistoria.

Men Kramer var ikkje den einaste som gjekk godt i låglandsbana (offisielt 0,4 meter over havet) i Heerenveen søndag.

To mann på 12.52

Jorrit Bergsma låg likt med Kramer til det var tre og ein halv runde igjen, men hadde ingen sjanse mot Kramers avslutning og tapte over fem sekund på dei siste rundane. Han kom i mål på 12.52,27.

Bronsen gjekk til snart 37 år gamle Bob de Jong med 12.52,30 - berre tre hundredeler bak Bergsma. de Jong er forøvrig den einaste utanom Kramer som har gått mila under 12.50 - han noterte 12.48,20 i VM i Inzell i 2011.

Twitter-meldingar frå skøyteinteresserte hevda at dette må ha vore tidenes beste 10.000-meterløp?

– Ja, det var det nok. Tre mann på 12.52 og betre er ufatteleg sterkt. Og for Kramer var det ein maktdemonstrasjon, seier Wetten.

– Formtopp til OL

– Kva seier dette om det vi kan vente oss av sesongen?

– Det fortel at nederlendarane, og spesielt Kramer, er sterke. Eg trur ikkje vi kan vente slike tider framover. Dette var den første konkurransen, og der nederlendarane skal sikre seg plass i verdscupen. Dei kjem nok til å trene litt meir og kanskje ikkje vere i fullt så sterk konkurranseform utover vinteren, før dei skal nå ein formtopp i februar og OL, trur Wetten.

Even Wetten

Tidlegare skøyteløpar Even Wetten meiner Kramers løp er 'styggfort'.

Foto: MAX ROSSI / REUTERS

Ingen andre enn dei tre på pallen kom under 13 minutt, men Jan Blokhuijsen var nær med sine 13.00,24. Arjen van der Kieft tok fjerdeplassen med 13.04,04.

Verdscupen på skøyter tek til på dei raske høgfjellsbanene i Calgary og Salt Lake City i november. Det er dei raskaste banene i verda, og alle verdsrekordane er sette der.

– Der er det mindre luftmotstand. Men det er også mindre oksygen i lufta, og det spelar inn på dei lange distansane. Og med større fart blir det også meir belastning i svingane, forklarer Wetten.

– Bøkkos 1.500 m i verdstoppen

Men 10.000 m står ikkje på programmet før i Astana i månadsskiftet november/desember.

– Kvar står norsk skøytesport i dette biletet?

– Det verkeleg positive vi fekk vite her er at Håvard Bøkkos løp i NM førre helg (1.46,57) er i verdsklasse. I Nederland er det tre mann som kan gå under 1.47. Kanskje er dette eit resultat av at Håvard no er begynt å spesialisere seg, seier Wetten.

Siste nytt

  • Kombinertgutta har signert avtalen

    Jørgen Graabak bekrefter overfor NRK at landslagsutøverne har signert utøverkontrakten med Norges skiforbund.

    NM kombinert sprint
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sykdom i Sverige-leiren

    Pontus Jansson, Filip Helander og Marcus Rohdén er rammet av magesyke før den viktige kampen mot Tyskland i morgen. – De tre ble dårlige i magen i går kveld, og vi lot dem bli hjemme for sikkerhets skyld, sa landslagssjef Janne Andersson.

    VM fotball 2018, Sverige - Sør-Korea.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Skarstein satte ny verdensrekord

    Birgit Skarstein forbedret sin egen verdensrekord med 23 sekunder på 2000 meter roing i Linz. Den forrige rekorden på 10:47,86 ble satt i Beograd for tre uker siden. – Det føltes som jeg svevde gjennom hele løpet, sier Skarstein etter rekorden.

    birgit skarstein
    Foto: Balint Czucz

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: Belgia - Tunisia
VM-studio Fotball-VM 1998, menn, Frankrike: Brasil-Norge
Veien til VM: Mexico og Kroatia
VM fotball: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018 Sør-Korea - Mexico og eliteserien Molde - Stabæk
FIFA Fotball-VM 2018: Tyskland - Sverige