Coleman var ikkje heime slik han hadde oppgitt då dopingkontrollørane skulle teste han 9. desember.
Han melde dette sjølv på Twitter i natt, og i dag tidleg kom beskjeden frå World Athletics om at han mellombels er suspendert frå all idrettsaktivitet.
Coleman er den andre verdsmeisteren som blir suspendert av den grunn på berre få dagar. 400 meter-vinnaren Salwa Eid Naser blei tidlegare denne månaden også utestengd for brot på meldeplikta.
Les også: Meiner det er normalt å bryte meldeplikt
Coleman risikerer å bli utestengd i to år, og får i så fall ikkje sjansen til OL-gull i Tokyo neste sommar.
– Dei hadde bestemt seg for å ta meg
Han slapp så vidt med åtvaringar i fjor etter tre liknande tilfelle tidlegare.
Men OL-vinnaren går til motangrep mot kontrollørane.
– Dei hadde bestemt seg for å ta meg. Dei kom på døra då eg var ute på julehandel, skriv han i den lange tweeten.
Han var også borte under tilsvarande kontrollør-besøk i januar og april i fjor. Om ein utøvar ikkje er der han har oppgitt å vere tre gongar i løpet av 12 månader, skal han utestengast, slår regelverket fast.
Ifølgje kontrollørane sin rapport banka dei på døra kvart tiande minutt i ein time. – Vi ringde også på dørklokka, men høyrde ingenting innanfrå, så vi var usikre på om ho verka, står det i rapporten.
Klare telefon-reglar
Coleman etterlyser også telefonoppringing. – Det har dei alltid gjort før, seier han.
– Det stod i våre instruksar at vi ikkje skulle ringe, svarar kontrollørane.
Men i Wada-reglementet er dette punktet i kontrollreglementet klart:
Å ringje ein utøvar er noko testaren kan gjere som ein siste utveg dersom det bere er fem minutt igjen av vindauget på 60 minutt der utøvaren skal vere tilgjengeleg.
Reglane også klokkeklare på at manglande oppringing frå kontrollør ikkje er noko orsaking for den som misser testen.
Coleman meiner også at kontrollørane hadde oppgitt feil adresse.
– Saka er ikkje opplagt
NRKs friidrettskommentator meiner at utfallet av denne saka er uviss.
– Når du har to åtvaringar for brot på meldeplikta i løpet av mindre enn eit år, er du ekstremt forsiktig. Men her er det to faktorar som gjer biletet uklart. For det første at kontrollørane hadde fått beskjed om å ikkje bruke telefonen, for det andre at dei skal ha møtt på feil adresse. Det gjer at denne saka ikkje er opplagt, og at det vil ta nokre rundar før utfallet er klart, seier Post.
I eit intervju med NRK i samband med Impossible Games på Bislett i førre veke sa hekkeløpar Rai Benjamin omtrent det same.
– Det er ikkje normalt. Alle kan misse éi prøve. Men alle veit også at å misse tre prøver er det same som ein positiv test. Har du missa to, sørgjer du for å vere der du skal vere på det tidspunktet du har oppgitt, fastslår han.
Også den amerikanske sprinteren Gabby Thomas opplevde det same for nokre månader sidan, skriv Let's Run. Ho missa også to testar. Men på den tredje, hevdar ho at ho var heime på det gitte tidspunktet, og at ho ikkje høyrde dørklokka eller bankinga. Kontrollørane hevdar at dei banka hardt.
Ho er også mellombels utestengd, og har levert protest.