Hopp til innhold

Eldste ligaklubben i verda på kanten av stupet

Dei er draktmentor for sjølvaste Juventus, og dei prøvde å kome seg til Premier League ved å hyre inn Englands eks-landslagssjef. Men no kan Notts County skli ned i fotballens mørke.

Notts County 1894

HØGDEPUNKT: Slik såg det ut, laget som sikra Notts County klubbens einaste trofé ved å vinne cupfinalen i 1894.

Foto: Ukjend

Det er 157 år sidan stiftinga, og dei har alltid vore med i ligaen. Nedturane har vore langt fleire enn oppturane, men så ille som i år har det aldri vore.

Sesongen har vore heilsvart, og Notts County er truleg på veg mot eit tilvere der dei aldri har vore før: Utanfor den engelske fotballigaen.

To kampar står att. Begge må vinnast, likevel er det langtfrå sikkert at det historiske nedrykket kan bli unngått.

Det er ikkje meir enn ti år sidan det blei snakka høgt om Premier League-planer for den svart-kvite klubben frå Nottingham.

Då «Svennis» blei lurt

Sven Gøran Eriksson

STORE PLANER: Tidlegare landslagssjef Sven-Göran Eriksson skulle føre Notts County opp frå langt nede i nivå 4 til Premier League, men blei lurt av dei nye klubb-eigarane.

Foto: SIMON DAWSON / AP

Sommaren 2009. Eit anonymt konsern med namn Munto Finance hadde nettopp kjøpt Notts County – tradisjonsklubben som eit par månader tidlegare hadde enda sesongen som nummer 19 av 24 klubbar på nedste liganivå.

Men konsernet som ingen visste kven som stod bak, hadde hårete mål om å løfte klubben til Premier League. Derfor kontakta dei Sven-Göran Eriksson, Englands svenske eks-landslagssjef, for å få dette til. «Svennis» skulle bli sportssjef med romslege ressursar til toppspelarar og moderne stadionfasilitetar.

– Eg hadde mine tvil, men dei overtydde meg. Og så var det trass alt den eldste profesjonelle klubben i verda. For meg blei det ei utfordring eg ikkje kunne seie nei til, sa Eriksson til The Guardian etter at alt oppstyret var over.

For det varte ikkje lenge. Rett nok fekk «Svennis» kjøpe inn Premier League-spelarane Kasper Schmeichel og Sol Campbell. Men rekningane hopa seg opp hos klubben, og ingen frå dei nye eigarane melde seg for å betale.

– Representantar for eigarane blei berre brått borte, sa Eriksson, som skuffa måtte gi seg etter sju kaotiske månader. Då hadde han også prøvd å kjøpe klubben.

Og den historiske klubben sat att endå meir blakk enn før. Men dei rykka trass alt opp eit hakk den sesongen.

Eldre enn fotballforbundet

Notts County

ELDST: Notts County blei stifta i 1862, til og med før det engelske fotballforbundet, og er den eldste eksisterande profesjonelle fotballklubben i verda.

Kanskje summerer dette opp Notts Countys meir enn 150 år lange historie: Planer, håp og korte oppturar. Men stort sett som det engelskmennene kallar ein «also-ran» – fyllmasse i den engelske ligaen og eit fotballiv langt unna rampelyset.

Klubben blei stifta allereie i 1862, året før det engelske fotballforbundet, og var ein av dei 12 klubbane som var med då The Football League blei stifta i 1888. Der har dei vore i alle år.

Notts County har spela 120 sesongar i ligaen, av dei 25 i øvste divisjon. Men dei beste åra ligg langt tilbake i tid. Tredjeplassane frå 1891 og 1901 er dei beste. Frå 1897 til 1913 var County på øvste nivå samanhengande Det siste nedrykket frå toppdivisjonen var i 1992.

Klubben har 17 nedrykk i alle sine år i ligaen. Det er det ingen annan som kan vise til.

Cupsiger og tapt finale

Lagoppstilling 1894

PROGRAMHEFTE: Slik såg programmet med den offisielle lagoppstillinga ut i cupfinalen i 1894.

I FA-cupen har det gått litt betre, med finalesigeren i 1894 som høgdepunktet.

County frå 2. divisjon møtte topplaget Bolton, og vann 4-1 i finalen på Goodison Park i Liverpool. Jimmy Logan scora tre av måla – det første hattricket i ein FA-cupfinale nokon gong.

Tre år tidlegare nådde dei også finalen, men blei slått 3-1 av Blackburn. Ei veke før hadde dei slått Blackburn 7-1 i ligakamp.

Dei heldt seg stort sett i toppdivisjonen til 1920, men så gjekk det nedover.

30-40.000 tilskodarar i 3. divisjon

Etter andre verdskrigen prøvde dei å kome tilbake til toppen frå sitt glamourlause tilvere i 3. divisjon. Derfor kjøpte dei mellom anna landslagsspelar Tommy Lawton frå Chelsea. Dei sleit lenge før dei rykka eitt hakk opp, men spela stadig vekk for både 30.000 og 40.000 tilskodarar.

To managerar frå dei siste 40 åra har heltestatus etter å ha teke County til 1. divisjon. Jimmy Sirrell førte dei opp i 1981, og County spele der i tre sesongar. Neil Warnock tok County til opprykk frå nivå 3 i 1990 og vidare til toppnivå året etter. Men der blei dei berre ein sesong.

Framleis har den gamle klubben eit nokså godt grep om publikum. Med 7309 tilskodarar i snitt heime på Meadow Lane er dei tredje best i League Two denne sesongen, berre slått av topplaga Lincoln og Milton Keynes Dons. 15.026 såg kampen mot Cambridge 12. januar – den nest best besøkte kampen i divisjonen.

Men i heimbyen har dei i nesten alle år levd eit liv i skuggen av nabo og «veslebror» Nottingham Forest, som har bane rett over elva Trent, berre eit par langpasningar unna. Forest blei stifta tre år etter County.

Drakt-mentor for Juventus

Cristiano Ronaldo

STRIPER FRÅ NOTTINGHAM: Cristiano Ronaldo bryr seg neppe om det, men Juventus-drakta han har på seg er etterkomar av eit draktsett frå Notts County.

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Men om Notts County har levd sitt liv stort sett i den engelske fotballskuggen, har dei iallfall sett sitt preg på internasjonal fotball på eitt vis: Juventus sine velkjende drakter med svarte og kvite striper.

Etter å ha veksla blant mange fargar dei første åra, har klubben så å seie heile tida sidan 1890 spela i svart-kvit-stripete trøyer – derav kallenamnet The Magpies (skjorene).

I 1903 måtte Juventus sjå seg om etter nye drakter. Dei italiensk-produserte rosa trøyene var dårlege og falma etter kort tids bruk. Klubbleiinga bestemte seg for å sjå til England – fotballens heimland – for å få tak i «skikkelege» fotballdrakter.

I Torino var engelskmannen Tom Gordon Savage tilknytta Juventus. Han var fødd i Nottingham, men hadde slått seg ned og stifta familie i Torino.

Det var han som fekk oppdraget med å skaffe drakter frå England. Han brukte sine kontakter i Nottingham, og fekk tilsendt eit sett frå Notts County.

Sidan då har Juventus spela i trøyer med svarte og kvite vertikale striper, akkurat som Notts County.

Då Juventus opna sitt nye stadion i 2011, var det dermed den engelske nivå 3-klubben som fekk æra av å vere motstandar i opningskampen. Ein kort kveld fekk dei kome tilbake i rampelyset.

Som «motyting» kjøpte dei nytt tredje-draktsett i Juventus' originale rosa fargar.

Konkurs eller ny eigar?

For eitt år sidan var dei i playoff for opprykk til League One. Derfor var optimismen stor og spådomane lyse framfor sesongstart i august i fjor. Overgangane i fjor sommar gjorde også supporterane glade.

Så gjekk alt gale frå start. Først i den tiande kampen kom første sigeren, og County har ikkje vore ute av botn-trioen sidan oktober. Manager Neal Ardley er den fjerde denne sesongen, og dei har brukt meir enn 40 spelarar i ligakampane.

No er dei heilt sist i The Football League og nummer 92 i det engelske fotballhierarkiet. Det betyr nivå 5 og National League om det sikkje skjer eit lite mirakel.

Derfor blir det truleg ei framtid med kampar mot lag som Boreham Wood, Barrow og Bromley frå hausten av.

Dersom verdas eldste ligaklubb har ei framtid, då. For 15. juni skal dei i retten for på nytt å prøve å unngå konkurs. Dei har ikkje betalt skattar og avgifter i tide.

Men kanskje er dei på det tidspunkt oppkjøpte av ei sørafrikanske gruppe som har sagt seg interessert.

  • Notts County møter Grimsby Town klokka 16 laurdag.
 Juventus Stadium

OPNINGSGJESTER: Nei, dette er ikkje heimebana til Notts County. Men det er nye Juventus stadion i Torino på opninga 8. septmber 2011, og med Notts County som motstandar i opningskampen.

Foto: Massimo Pinca / Ap
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB
  • Norges håndballmenn møter Danmark og Frankrike i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og tittelforsvarer Frankrike da trekningen for OL-turneringen i håndball for menn ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe B med Danmark, Ungarn, Frankrike, Egypt og Argentina.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    OL-turneringen i håndball spilles fra 27. juli til 11. august. Innledningskampene er lagt til Paris Expo Porte de Versailles, og finalerundene skal spilles i Stade Pierre-Mauroy i Lille.

    Frankrike er tittelforsvarer i OL både for kvinner og menn. (NTB)

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters
  • Norges håndballkvinner møter Danmark og Sverige i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og Sverige da trekningen for OL-turneringen i håndball for kvinner ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe A med Tyskland, Slovenia, Sverige, Danmark og Sør-Korea.

    Norges herrer møter Danmark, Frankrike, Ungarn, Egypt og Argentina i deres OL-gruppe.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    Norge var i samme seedingspulje som Kroatia, og kroatene var dermed de eneste Norge ikke kunne trekke. Frankrike fikk som tittelforsvarer velge gruppe etter at fem lag var trukket i hver. (NTB)

    gaGQ0Njsuwg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal