– Han har ei stor framtid og kjem til å bli ekstremt god.
Det er store ord og dei kjem frå ei stor stjerne i friidrettsverda.
Asbel Kiprop frå Kenya har vunne 1500 meter i VM dei tre siste meisterskapa, og OL-gull i Beijing i 2008.
Kiprop var langt bak Jakobs tider
På Bislett Games på torsdag er han dei to eldste Ingebrigtsen-brørne største konkurrent på drøymemila, men da kenyanaren var på alder med yngstebror Jakob var han ikkje i nærleiken av tidene hans.
– 3,44 i hans alder er heilt utruleg. Da eg var 16 sprang eg på 4,07, eg hugsar ikkje kva eg sprang på da eg var 15, men som 17-åring sprang eg på 3,42. Tidene til Jakob er utrulege. Han vil vere heilt utruleg innan han fyller 23, seier Kiprop.
15 år gamle Jakob Ingebrigtsen har denne sesongen senka den uoffisielle verdsrekorden for 15-åringar fleire gonger, og har den nå på 3.44,97.
I dag deltok han på sitt livs aller fyrste pressekonferanse på Bislett. Det var spesielt for 15-åringen å sitte på podiet saman med verdsmeistar Kiprop og sine to storebrør.
– Det er veldig stort. Ei oppleving eg kjem til å ta med meg gjennom livet, seier han til NRK.
På torsdag spring han 1500 meter i Diamond League.
– Eg tenkjer ikkje så mykje på rekorden, men mest på å kome meg så langt ned på 40-talet. Målet er å ta EM-kravet for senior i løpet av sommaren, så eg må prøve å ta eit jafs på det, seier Ingebrigtsen.
EM-kravet er på 3.40,50.
Fordel som veslebror
Asbel Kiprop trur 15-åringen har ein stor fordel ved å vere yngst av dei tre løpebrørne.
– Han er heldig som trenar med brørne sine. Henrik veit korleis ein skal trene opp ein stor løpar. Jakob har eit veldig bra grunnlag og er sikker på at eg vil møte han i VM om eit par år, skryter Kiprop.
Også samanlikna med storebror Henrik har Jakob Ingebrigtsen fantastiske tider. Henrik fortel at han sprang på 3,54 det året han fylte 16.
– På den tida var det sjukt bra. Nå er han ti sekund betre enn det, og han har ikkje fylt 16 ein gong.
– Kva er det som er så spesielt med han?
– Nei, sei det. Han er ein Ingebrigtsen!
Bislett Games ser du på NRK1 frå 17.50 torsdag.