Vellykka operasjon for Tande
Daniel-André Tandes kragebein-operasjon på Ahus i går var vellykka. Han er framleis innlagd på sjukehuset, skriv Norges skiforbund i ei pressemelding.
– Han har det etter forholda bra, seier hopplandslagets laglege Guri Ranum Ekås
Tande fall stygt i Planica rett før påske.
– Det er viktig å understreke at han har vore igjennom ei omfattande fallulykke med slagskadar mot store deler av kroppen. Dette gjer at han treng tid og ro for å kome til hektene. Spesielt slagskadar mot hovudet krev ro og kvile, skriv legen.
– Det betyr avgrensning på skjermbruk og konsentrasjonskrevjande aktivitetar. Det er ikkje foreinleg med møte med media. Daniel vil derfor ikkje vere tilgjengeleg for media etter utskrivinga og de nærmaste vekene, legg han til.