Hopp til innhold

Vegard Breens store sjanse: – Kjenner alle bakkane i Andorra

Dagens etappe er den som passar Vegard Breen aller best i årets Tour. Han er lommekjend i området der første del av etappen går.

Vegard Breen

LOMMEKJEND: Vegard Breen har trena mykje i Andorra, og kjenner vegane der. – Derfor tru eg at eg har ein sjanse, seier han

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Vi skal opp der, seier Vegard Breen og peikar oppover mot fjellet bak hotellet i Escaldes-Engordany i Andorra. Der skal tiande etappe i årets Tour de France opne.

– Eg trur eg kjenner alle vegane som er i Andorra, seier Vegard Breen. I dag skal han ut i ein etappe i eit område der han har trena mykje og veit det meste.

– Så får vi sjå om det er ein fordel eller ei ulempe. Eg veit iallfall kvar dei brattaste partia er, og kvar det vil bite litt ekstra å kome seg med, seier Breen til NRK.

– Det er derfor eg trur eg har ein sjanse i dag.

Brutal etappestart

Det er ein etappe som normalt ikkje skal passe klatrarane. Etappen startar rett nok med ei klatring opp mot Port d'Envalira på 2408 meter – ein kategori 1-stigning på 22,6 kilometer med 5,5 prosent stigning.

Tour de France, 10. etappe

TØFF START: Dagens etappe startar med ei knalltøff stigning opp til 2400 meters høgde. Så er det flatt

Foto: Tour de France

– Det er også uvisst korleis syklistane taklar høgda, seier Breen. – 2400 meter er ganske høgt. Dessutan var det mange som gjekk i kjellaren i varmen og stigningane på dei siste etappane før kviledagen, legg han til.

Men på resten av etappen er det unnabakke og nokså flatt.

– Der vil klatrarane tape einkvar duell mot klassikar-ryttarane. Hadde eg vore klatrar, hadde eg spart meg til andre etappar. Og så trur eg det er litt langt for spurtarane dersom dei må hente eit brot som har køyrt ifrå i første bakken. For der vil ikkje dei klare å kontrollere eit brot. Det er derfor eg ser sjansen, seier Breen.

Vegard Breen imponerte på andre etappe. Der låg han i brot nesten heile tida, og vann ein innlagd spurt, før han blei innkøyrd like før mål.

– Det kjem til å gå eit tidleg brot

Brudd

IMPONERTE: Vegard Breen låg lenge i brot på 2. etappe, men vart innkøyrd like før mål

Foto: Peter Dejong / Ap

Men det er dagens etappe han meiner er den som passar han best.

– Det kjem til å gå eit brot. Så får vi sjå om det held heilt inn, og om eg er med, seier Breen. – Det er umogeleg å føresjå no. Eg er iallfall klar for å gi alt.

Han meiner at Edvald Boasson Hagen er den beste om dei to nordmennene skulle ligge saman i brot.

Og det har Edvald lyst til. Om han får lov, og ikkje må hjelpe lagkamerat Mark Cavendish til å halde på den grøne trøya.

– Det er ein tøff start og ei avslutning som skulle passe meg bra, seier Hagen til NRK.

– Kva må du gjere for å riste av deg andre i brot, Vegard Breen?

– Køyre frå dei.

Siste nytt

  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal