Sportsnyheter

Sommer-OL i Tokyo 2021

Sølvvinneren rennes ned av meldinger – Rodal måtte felle en tåre

TOKYO/OSLO (NRK): Sleggekaster Eivind Henriksens OL-sølv rørte mange. Én av dem var friidrettslegenden Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • Nesten 18 meter og Richardo-gull

    Portugals Pedro Richardo tok gullet i tretsteg. Vinnarhoppet målte 17,98 meter, eit resultat han fekk i tredje omgang.

    Begge hans to første hopp målte 17,61. I dei tre siste omgangane hoppa han dødt to gonger og stod over ein.

    Portugisaren var suveren i konkurransen. Kinearen Yaming Zhu tok sølvet med 17,57, og Hugues Zango frå Burkina Faso bronsen med 17,47.

    Pedro Richardo
    Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters
  • Sju cm bak verdsrekorden

    Den amerikanske favoritten Ryan Crouser vann klart kulekonkurransen for menn. I sitt siste støt nådde han 23,30 meter – sju centimeter bak verdsrekorden han sjølv sette tidlegare i år.

    Couser hadde ein utruleg jamn serie, der alle støta var over 22,5 meter.

    Landsmannen Joe Kovacs tol sølvet med 22,65. Tomas Walsh frå New Zealand tok bronsen med 22,47.

    Ryan Crouser
    Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters
  • Første medalje på 41 år

    Den gamle landhockey-stormakta India sikra seg sin første OL-medalje i denne idretten på 41 år med 5-4 over Tyskland i bronsefinalen.

    Alle indiske måla blei scora av Singh: Simranjeet Singh (2), Hardik Singh, Harmanpreet Singh og Rupinder Pal Singh.

    Av Indias ni OL-gull gjennom tidene, har åtte kome i landhockey. Men det tek til å bli lenge sidan. Dei vann seks strake frå 1928 til 1956, og igjen i 1964 og 1980.

    Men etter det har dei ikkje teke ein einaste medalje i denne idretten. Før no, 41 år seinare.

    Dei har sjanse til å doble medaljefangsten, ettersom også kvinnelaget skal i bronsefinale. Dei møter Strorbritannia fredag. I kvinneklassen har India aldri teke medalje.

    Mennenes finale går mellom Belgia og Argentina seinare i dag. Kvinnefinalen fredag er mellom Argentina og Nederland.

    Landhockey, India
    Foto: John Locher / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal