Hopp til innhold

Vatikanet - no også med cricketlag

Tysdag stifta Vatikanstaten cricketlag. No utfordrar dei den anglikanske kyrkja og andre religionar og trussamfunn til å gjere det same, og ønskjer å byggje bruer til andre religionar gjennom idretten.

Vatikanet har dannet sin første cricket-klubb som heter St Peter's Cricket Club. Et av målene med cricket-klubben er å danne nye forbindeler til andre religioner og ikke-troende.

Vatikanet har lansert sin første cricket-klubb. No ventar kampar mot andre trusamfunn og religionar

Entusiasmen bak det nye tiltaket i pavens eigen stat er det ikkje noko i vegen med. – Laget skal bli sterkt nok til å slå kven som helst, seier Fader Theodore Masacarenhas – ein indisk prest med bakgrunn som "spin bowler" på nokså høgt nivå.

Og dei har også mål som ligg på eit mykje høgare plan enn cricket-kampar i seg sjølv: Å byggje bru over til andre religionar og trusretningar.

Vatican Cricket

Te, agursksmørbrød og stor stemning då klubben vart offisielt stifta tysdag

Foto: Gregorio Borgia / Ap

Første "interreligiøse kamp" skal etter planen gå av stabelen i september neste år. Vatikan-klubben har utfordra den anglikanske kyrkja i England til ein kamp på sjølvaste Lord's.

Lord's Cricket Club i London er cricket-sportens storstove og mest kjende arena.

– Velkomne til England som brør

Det utspelet har dei fått positiv tilbakemelding på. Biskopen av Shrewsbury – ein velkjend cricket-tilhengar – tek imot utfordringa entusiastisk.

– Vi ønskjer dei velkomne til England som brør, seier biskop Mark Rylands.

– Eg er overtydd om at det til og med kan utvikle seg til ein årleg kamp i økumenisk ånd. Eg håpar også at vi kan halde kontroversane i kampen nede på eit minimum slik at vi ikkje treng nøytrale dommarar, seier han.

Ordet "økumenisk" tyder auka forståing og samarbeid mellom ulike kristne kyrkjer.

Vatikanet har inga cricket-bane. Dei blir henvist til ei kampbane utanfor Roma, og ei treningsbane nærmare sentrum av byen.

"Revansjekamp" 500 år etterpå

Det kan bli litt av ein revansjekamp, nesten 500 år etter Henrik 8. og spliden mellom katolisismen og protestantismen. Men hakket mindre blodig denne gongen.

Jobben med å stifte klubben har pågått i eit års tid. Det var Australias ambassadør John McCarthy som tok initiativet.

– Dette er sports-diplomati, seier han.

Cricketklubben i Vatikanet vart høgtideleg stifta tysdag. På stiftingsmøtet var steminga høg, og det heile vart markert med te og agurksmørbrød.

Rundt 300 geistlege og studentar i Vatikanstaten midt i Roma spelar cricket i større eller mindre grad. Det er frå desse laget i første omgang skal hente startellevaren.

St. Peter's Cricket Club

Namnet? St. Peter's Cricket Club, sjølvsagt. Og dei skal spele i dei gulkvite fargane til Vatikanet.

– Vi lærer mykje av sport, seier Antony Shehan Fenando frå Sri Lanka. Han er student ved Maria Mater Ecclesiae college i den vesle Vatikanstaten.

– Vi lærer å takle både sigrar og tap, akkurat som i livet elles. Livet som prest blir ikkje lett, det veit vi, seier Antony. Han har studert i Italia i tre år. For han har det vore ein draum å skape eit cricketlag i landet der det er fotballen som rår.

Entusiasmen i den nystarta klubben er det ingenting i vegen med. Klubbsekretæren er Fader Eamonn O'Higgins med irsk bakgrunn. Han har store planer for framtida.

Vil byggje bru mellom religionane

Cricket i Vatikanet

St. Peter's Cricket Club brukar fargane og symbola i Vatikanstatens flagg

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Han ser for seg kampar mot andre religionar og trusretningar.

– Vi gjer ikkje dette berre for å spele kampar. Vi vil prøve å byggje vennskap med både truande og ikkje-truande, seier Fader O'Higgins.

Cricket er enormt populært i store land som India, Pakistan og Sri Lanka, og St. Peter's Cricket Club planlegg kampar mot muslimske og hinduistiske skular i dei nasjonane.

Den argentinske pave Frans har personleg kjennskap til cricket frå før. Det var cricket-lag i jesuitt-colleget han ein gong var rektor for.

– Når det kjem til cricket, er alle pakistanarar fundamentalistar, seier fader Robert McCullogh, ein australsk katolsk prest som arbeider i Pakistan.

Vatikan-klubben ser også etter nonner frå dei tre landa for å stifte eit kvinnelag.

– Dette er rådets ønskje om å nå ut til periferien i verda, slik pave Frans har sagt, seier klubbpresident Melchor Sancez.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal