Hopp til innhold

Vart vraka frå norsk rekruttlag – «kanonløp» kan ha sikra Lotte Lie OL-billett

Ho slo både Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold i verdscupopninga. No tyder mykje på at Lotte Lie (26) blir å sjå i OL i Beijing, men ikkje i norske fargar.

Lotte Lie

DRAUMESTART: Lotte Lies sesongopning har gått over all forventning.

Foto: Privat

Sesongstarten har gått over all forventning for trønderen. Etter to verdscuprenn er Lotte Lie nest beste norske løpar samanlagd.

– Det er veldig tøft. Og overraskande. Eg nyt det så lenge det varer, seier 26-åringen.

NRKs ekspert, Ola Lunde, meiner Lie fekk det internasjonale gjennombrotet sitt då ho gjekk i mål som nummer 15 på normaldistansen i Östersund.

Men ikkje berre det, for etter den første verdscuprunden i sesongen er ho så godt som OL-klar. For Belgia.

– Ja, eg ligg i alle fall veldig godt an, seier ho og smiler stort.

Trur OL-billett er sikra

2020 Biathlon World Championships, day 6, Women's 15 km Individual

NORSK-BELGISK: Lotte Lie har dobbelt pass og satsar mot OL for Belgia.

Foto: ANDREAS PRANTER / GEPA PICTURES

Per no ligg Lie på tredjeplass på Det internasjonale skiskyttarforbundets (IBU) wildcard-liste. Lista består av utøvarar som går for nasjonar som ikkje når opp blant dei 20 beste skiskyttarnasjonane, slik som Belgia.

Dei tolv beste på IBUs wildcard-liste får OL-billett.

– Eg vil tru ho er sikra OL-plassen, med mindre ho blir sjuk eller skadd, seier Lunde.

– Men vi må vente heilt til Ruhpolding for å få det på papiret, og det er mykje konkurransar som skal gåast før det. Så vi får sjå, meiner Lie.

Mista plassen på norsk landslag

Lie er oppvaksen i Noreg og trenar med det norske privatlaget Team Maxim, men har belgisk mor og dobbelt pass. I 2019 bestemde ho seg for å gå for det belgiske landslaget.

– Eg har jo vore på det norske junior- og rekruttlandslaget, men fekk ikkje plass lenger der. Så hadde eg veldig lyst til å vere med i det sirkuset her (verdscupen). Så tok eg eit val om at eg hadde lyst til å leve mitt beste liv rett og slett, fortel ho.

Lotte Lie

UNGT TALENT: Lotte Lie markerte seg tidleg i det norske skiskyttarmiljøet.

Foto: Geir Olsen / GOL1

Noregs landslagssjef, Per Arne Botnan, seier han er utelukkande glad for å sjå at Lie har teke store steg som skiskyttar.

Han forklarer at det ikkje er uvanleg at løparar er litt inn og ut av junior- og rekruttlandslag, men respekterer at Lie ønskjer å representere Belgia.

– Det opplevast på ingen måte bittert at ho har gjort det bra her i Östersund. Lotte har teke sitt val og får ei bra utvikling. Vi får berre gle oss over det ho får til, seier Botnan.

Blir samanlikna med Røiseland

Ifølgje Lunde var Lie eit stort talent som junior.

– Men ho fekk kanskje ikkje den utviklinga ho og andre hadde håpa på. Ho har bygd seg oppover og jobba hardt, og er eit døme på at viss ein jobbar hardt over til vil ein alltid få framgang. Litt som med Marte Olsbu Røiseland. Det er moro å sjå, seier han.

VM-dronning Marte Olsbu Røiseland

VM-DRONNING: Ola Lunde meiner Lotte Lies utvikling kan samanliknast litt med Marte Olsbu Røiseland. Kanskje er det Lie som blir VM-dronning ein dag.

Foto: Berit Roald / NTB

Trønderen debuterte i verdscupen, som belgisk løpar, i Pokljuka for snart to år sidan, men har ikkje vore i nærleiken av å prestere på det nivået ho gjorde førre helg.

– Når du får beskjed om at du passerer som nummer åtte ut frå siste skyting i ein verdscup, så tenkjer ein «er det her sant liksom?». Den kjensla går ikkje an å beskrive, så eg måtte kjappe meg å endre tankegangen på sisterunden slik at eg ikkje skulle bli for sentimental.

Foreldra på plass

Lie trur justering av treningsmengd og at ho har klart å halde seg frisk og skadefri har sørgt for dei gode resultata. Tilbakemeldingane etter prestasjonane i Östersund har vore mange, og ekstra gøy var det at foreldra fekk med seg løpa frå tribunen.

– Dei er veldig glade på mine vegner. Dei synest det er artig at eg får igjen for alt det harde arbeidet eg har lagt ned. Dei har jo vore med på både opp og nedturar, og støtta meg same kva.

Og i februar får dei truleg sjå dottera på startstreken i OL, rett nok på TV.

– Det trur eg blir heilt rått, seier Lie.

Siste nytt

  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters
  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal