Hopp til innhold

Vart skulda for å svikte breidda – no har forbundet snudd

Friidrettsforbundet har stått i ein massiv storm etter at uttakskriteria til VM og EM baserte seg på at ingen reservar kom inn om utøvarar trekte seg. No har dei endra åtte ord.

Friidrett pressetreff i Sandnes.

KRITIKK: Erlend Slokvik og friidrettsforbundet fekk mykje negative tilbakemeldingar etter at uttakskriteria for EM vart publisert. No snur forbundet.

Foto: Carina Johansen / NTB

I Noregs Friidrettsforbunds reglar for EM, stod det at uttaket blir basert på EA sine rankinglister pr. 26. juli, og at det ikkje skulle setjast inn reservar ved eventuelle forfall på desse listene.

11. august startar EM i München.

Det fekk fleire i friidrettsmiljøet til å heve augebryna.

– Når du har så konkrete og greie uttakskriterium til meisterskap, som går på eit konkret tal, og samtidig har eit rangeringssystem som gjer at folk tett på kravet kan delta, så er det berre å ta omsyn til det, seier Petter Skinstad til NRK.

Han held fram:

– Dei sviktar breidda. Har du klart kravet er du betre enn alle som ikkje er der. Skal vi hauste av den fantastiske utviklinga vi har i norsk friidrett, er vi heilt avhengige av å gi dei nest beste moglegheita.

Skinstad får støtte av Anders Huun Monsen, mannen bak bloggen friidrett1.

– I verste fall kan ein risikere at folk legg opp tidlegare ved at rammevilkåra blir dårlegare, fordi dei ikkje får sponsorar, og motivasjonsmessig når dei ser det er langt opp, seier Monsen til NRK.

No har forbundet endra åtte ord, og dermed er det plutseleg ein sjanse for mellomdistanseløpar Ingeborg Østgård (18) å delta.

Snur etter kritikk

I dei nye uttaksreglane står det no at: «uttaket blir basert på EA rankinglister som gjeld resultat pr. 26. juli, etter at dei er oppdaterte med innmelde forfall. Endeleg uttak blir gjennomført når vi har fått desse listene frå EA.»

Det endelege uttaket har fått datoen 1. august.

Toppidrettssjef Erlend Slokvik forklarer kvifor dei no har oppdatert regelverket.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

VAR PLANEN: Slokvik meiner at planen heile vegen var å ta ut utøvarar som fekk plass via ranking.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det var for å tydeleggjere meir. Det vart tydelegvis misforstått, så vi har endra for at det skal vere lettare forståeleg, seier Slokvik til NRK.

Kva betyr det i praksis?

– Det betyr at når vi får dei endelege listene frå EA, så vil alle utøvarane vere inne. Det var frist 26. juli til å melde inn forfall. Vi fekk lista av EA fredag og bad då om utvida frist til søndag. Om det kjem fleire forfall før søndag, set vi inn eventuelle norske utøvarar som får invitasjon, men 1. august tek vi ut laget. Då set vi strek, seier Slokvik.

Han er ikkje nødvendigvis samd i kritikken mot friidrettsforbundet.

– Tja, forstår og forstår. Vi vil alltid setje ein strek for uttak og det nivået vi ønskjer. I VM enda ein enkelte gonger veldig langt ned på listene, og då blir det ei vurdering om ein skal ta med nokon som ligg så langt nede på listene, seier han.

Skjermdump av presiseringen i uttakskriteriene til EM, frå Noregs Friidrettsforbund.

SKILNAD: Her ser du endringane som blei gjort.

Foto: Noregs Friidrettsforbund

– Dumt

Mellomdistanseløpar Ingeborg Østgård er ein av dei som måndag kan få beskjed om at ho skal konkurrere i EM. Ho spring 1500 meter.

NM friidrett 2021

NESTEN INNE: Ingeborg Østgård.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Når eg er nummer 31, kan det jo fort skje. Men det er ikkje EM som har vore målet for sesongen, det blir berre ein bonus viss eg får den plassen, seier Østgård til NRK.

Hennar største mål for sesongen er U20-VM, og er i Colombia akkurat no. Sjølv synest ho praksisen til forbundet ikkje har vore noko å skryte av.

– Eg synest det er litt dumt. Så lenge ein er kvalifisert, er ein god nok til å vere med, seier ho.

– Korleis er det som utøvar å ta omsyn til ein slik situasjon?

– Det er litt vanskeleg. No har ikkje eg klart kravet, og slik sett hadde eg ikkje nokon forhåpningar om å bli tekne ut, men det er jo litt uføreseieleg.

Likevel meiner ho at det vil vere ei stor gulrot om ho no får ein plass i EM-troppen.

– Det betyr mykje. Det er på ein måte all treninga eg har gjort, og timane eg har brukt, det er meisterskap ein trenar for. Det hadde vore stort å få vere med, seier ho.

Jublar over endringa

Petter Skinstad er glad for at friidrettsforbundet har teke kritikken på alvor.

– Det er godt å høyre at dei tek til vitet og høyrer på kritikk frå friidrettsmiljøet, seier han.

Petter Skinstad

GLAD: Sportskommentator Petter Skinstad.

Foto: Olof Andersson/TV 2 / TV 2

Det same meiner Monsen.

– Det synest eg. I den første teksten verka det som at det var 26. juli som var fristen, og vi såg at desse listene ikkje var oppdaterte, seier han og held fram:

– Når ein veit at forbund er seine med å melde inn forfall, var det for tidleg (med den fristen), men det er veldig bra at dei no har bede om å utvide fristen. Det høyrest ut som ei god avgjerd, seier han.

Sjølv utdjupar toppidrettssjef Slokvik at planen heile tida var å ta med utøvarar som fekk plass ut frå rankinglistene, men at sjølve teksten ikkje var tydeleg nok.

– Vi meinte at viss det vart tildelt plassar rett før meisterskapen ville vi ikkje setje inn reservar. Før EM har dette vore tanken heile vegen, seier han.

Trur du dette var tanken heile tida? Spør NRKs journalist Skinstad.

– For å seie det slik: Viss dette var planen heile tida, hadde dei sagt det tidlegare. Det er naturleg å vilje verke betre i lyset av etterpåklokskapen, seier han.

Monsen har ingen grunn til å tru at dette ikkje var planen.

– Det er mogleg dei har meint det frå start av, det er umogleg for meg å vite. Det vart teke opp i sosiale medium og då vart det litt diskusjon. Om det berre er ei presisering eller om dei har endra, veit eg ikkje. Det er ingen grunn til å tru at det ikkje var det dei meinte, seier han.

Les også Fekk vite om eiga VM-vraking på Instagram: – Ho skjønte ingenting

Bislett Night of Highlights på Bislett

Siste nytt

  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB
  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal