Hopp til innhold

Vart frikjend i kampfiksingssaka – no saksøkjer han staten

Ein tidlegare Follo-spelar går til sak mot staten etter å ha vorte frikjend i kampfiksingssaka som skaka fotball-Noreg.

Kampfiksingen skal ha skjedd 24. juni 2012 i kampen mellom Østsiden og Follo.

GJEKK ALARM: Her skårar Østsiden 4-3-målet mot Follo 24. juni 2012. Eit tips førte til fleire undersøkingar frå Norges Fotballforbund (NFF), som etter kvart melde det som vart kjent som «kampfiksingssaka» til politiet.

Foto: Knut Stenseth / ØB

Den mykje omtalte kampfiksingssaka starta med kampane Østsiden-Follo og Frigg-Asker tilbake i 2012.

Norges Fotballforbund (NFF) vart tipsa om det som var mistenkjelege resultat: Østsiden snudde 0–3 til 4-3, og Asker tapte 7–1.

Sju personar, fem av dei tidlegare fotballspelarar, vart etter kvart tiltalte for grov korrupsjon og grovt bedrageri.

Den tidlegare Follo-spelaren var blant dei tiltalte. Han vart frifunnen i 2017 og fekk ei oppreisning på 20.000 kroner frå staten i 2018.

Tre av dei tiltalte vart dømde i lagmannsretten. Høgsterett reduserte straffa for dei to fotballspelarane frå 14 til 10 månaders fengsel, medan ein bakmann fekk to års fengselsstraff.

– Har hatt store konsekvensar

No krev den tidlegare Follo-spelaren både erstatning for økonomisk tap og oppreisning for belastninga i samband med straffesaka. Både erstatning og oppreisning skal fastsetjast etter skjønnet til retten, heiter det i sluttinnlegget frå advokatane til saksøkjar.

Advokatane argumenterer med at fotballspelaren i praksis var underlagd eit yrkesforbod under straffeforfølginga, og at det var umogleg for han å komme tilbake som profesjonell fotballspelar etter frifinninga fem år seinare.

Samtidig blir det påstått at straffeforfølginga medførte uoppretteleg skade ved å ta frå han moglegheita til å realisere realistiske ambisjonar som fotballspelar.

I sluttinnlegget heiter det at saka innebar «fordømmelse internt i fotballmiljøet og utover, i det tiltalen gjekk ut på at NN (saksøkjar) skulle ha handla i strid med grunnverdiane til idretten, og at han hadde svike lagkameratane og klubben sin».

– Han vart frifunnen for alle skuldingar. Den urettmessige straffeforfølginga han vart utsett for, har hatt store konsekvensar for han. Han har vorte tilkjend oppreisning for den belastninga saka har medført, men meiner å ha krav på både ytterlegare oppreisning og erstatning frå staten. Kor stor erstatning han har krav på, vil bli vurdert av retten, og vi har ingen ytterlegare kommentar utover dette, skriv advokat Hallvard Gilje Aarseth i ein e-post til NRK.

NRK får opplyst at den tidlegare Follo-spelaren ikkje ønskjer å kommentere saka.

– Gav uriktig informasjon

Staten vil leggje ned påstand om frifinning under hovudforhandlinga.

«Staten oppfører at kravet til saksøkjar om erstatning for påstått tapt og framtidig inntekt skal falle bort, fordi han utan rimeleg grunn har motverka opplysningar i saka og gitt årsak til straffeforfølginga og den fellande dommen», heiter det i sluttinnlegget frå Regjeringsadvokaten.

– Grunnen til at vi ikkje gav ei høgare erstatning (enn 20.000 kroner, journ.anm.), var at han gav feil informasjon og endra forklaring undervegs, og dermed sjølv bidrog til den straffeforfølginga han ønskjer erstatning for. Vi vil argumentere mot at staten skal betale ytterlegare erstatning. Bakgrunnen for vårt syn på saka vil bli beskrive under hovudforhandlinga, seier avdelingsdirektør Kristina Kjeverud ved Statens sivilrettsforvaltning til NRK.

Dette står i sterk kontrast til oppfatninga til saksøkjar.

«NN (saksøkjar) har ikkje utan rimeleg grunn motverka opplysninga i saka eller gitt årsak til etterforskingsskritt mot seg. NN (saksøkjar) har gjennom forklaringane sine bidrege til oppklaring av saka, som enda med domfelling av to fotballspelarar og éin tilbydar av betaling for kampfiksing», heiter det i sluttinnlegget frå advokatane til saksøkjar.

Når NRK påpeikar at staten påstår det rakt motsette, svarer advokat Aarseth:

– Vi er usamde om det, men som sagt ønskjer vi ikkje å kommentere noko meir.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal