Hopp til innhold

Vart dømd av eigen lageigar – no vil forbundet endre reglane

Fitness-dommar Unni Bækkevold meiner det er heilt feil at ein trenar, lagleiar eller lageigar skal få dømme eigen utøvar. No kan reglane bli endra.

Dommer

NM: Ein dommar gir poeng under NM i bodybuilding og fitness førre helg.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Det eg trur nokon opplever er at ein dommar ikkje steller seg nøytralt, men dømmer eigne utøvarar til ein betre poengsum enn viss dei ikkje hadde vore trenar, seier Cecilie Myhre.

Ho er fersk noregsmeister i bikinifitness der ho tok eit overlegent NM-gull.

Der vart ho dømd av eigaren av laget ho representerer. Det er ikkje uvanleg innan fitness og bodybuilding.

– Bør oppdatere regelverket

At det ikkje er nokon lovar mot ei slik dobbeltrolle, reagerer fitness-dommar Unni Bækkevold på.

– Eg støttar ikkje rolleblandinga betalt trenar og dommardå det utan tvil reiser etiske problemstillingar med omsyn til habilitet, seier Bækkevold.

I fitness er det eit dommarpanel på ni personar som bedømmer alle utøvarar. Dei rangerer utøvarane frå best til dårlegast.

Deretter blir dei to høgaste og lågaste poengsummen til kvar utøver stroke før ein gjennomsnittssum blir rekna ut. I nokre tilfelle kan derfor rangeringa til ein dommar gjere utslag på resultatlista.

Ho meiner derfor ein bør oppdatere regelverket slik at ein ikkje kan ha begge roller samtidig.

Trur på objektiv døming

Totalt var det 147 deltakarar i NM i kroppsbygging og fitness førre helg. Cecilie Myhre stilte i to klassar. Ho vann bikinifitness master open og vart nummer tre i bikinifitness i klassen 172 centimeter.

Dommaren var også eigaren av laget hennar, men ho har full tru på at ho vart dømd objektivt.

Myhre

VINN: Cecilie Myhre tok gull og bronse i dei klassane ho deltok i under NM.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Eg stilte òg i ein annan klasse der eg ikkje vann, der han òg sat som dommar. Ho som vart nummer to i den klassen, ho slo eg helga før, seier Myhre.

Ho skjønar at det kan oppstå spekulasjonar og mistankar.

  • NRK skreiv først at seks av dei 13 NM-vinnarane i kvinneklassen vart dømde av eigen lagleiar. Dette viser seg ikkje å stemme, og blei fjerna kl. 11.47.

Vil sjå på regelverket

President i Noregs Bodybuilding og Fitnessforbund, Elise Murbræck, forklarer at regelverket som gjeld i dag, kom tilbake i 2018.

På det tidspunktet var det mangel på dommarar, og ein såg seg nøydde til å gjere det på denne måten.

Ho forklarer at dei har rutinar for å sikre at dømminga blir så rettferdig som mogleg.

– Vi følgjer nøye med på korleis dei dømmer, så blir det sjekka etter dommarkomiteen etter kvart stemne, seier ho.

No har sporten vakse, og Murbræck vil derfor foreslå å endre regelverket.

– Sidan nokon har teke det opp no, så ønskjer vi å ta det opp på neste møte. Vi kan òg sende inn saker til årsmøtet, og det kjem vi til å gjere. No som sporten har vakse, har vi ikkje lenger behov for at trenarar skal kunne vere dommarar òg, seier Murbræck.

Siste nytt

  • Sergio Ramos ferdig i PSG

    Det er ikke bare Lionel Messi PSG-fansen tar farvel med lørdag. Også Sergio Ramos spiller sin siste kamp for klubben.

    Det bekrefter midtstopperen på sin Instagram-konto.

    – I morgen blir en spesiell dag. I morgen sier jeg farvel til en periode i livet mitt. Takk for to spesielle år der jeg fikk spille i alle turneringer og gi alt. Jeg skal møte nye utfordringer, jeg skal spille i andre farger, skriver spanjolen.

    Ramos' kontrakt med PSG utløper i slutten av juni. Hvor veteranen spiller neste sesong er foreløpig uvisst.

    Sergio Ramos
    Foto: Laurent Cipriani / AP
  • Sterk borteseier i Fiorentinas generalprøve

    Onsdag spiller Fiorentina for serieliga-trofeet når de møter West Ham. I generalprøven mot Sassuolo seiret de 3-1.

    Arthur Cabral, Riccardo Saponara og Nicolas Gonzalez scoret målene i den sterke borteseieren. Domenico Beraris Sassuolo-mål ble bare av det trøstende slaget.

    For vertenes del hjalp det ikke at Ruan og Rogeri fikk hvert sitt røde kort og at Sassuolo dermed avsluttet kampen med ni mann.

    Dette var disse to klubbenes siste seriekamp for sesongen. Fiorentina ender trolig på en 8. plass, mens Sassuolo akkurat nå er på 13. plass.

    Emil Konradsen Ceïde spilte fra start for Sassuolo, men ble byttet ut i det 58. minutt. Kristian Thorstvedt var ikke i troppen.

    Italy Soccer Serie A
    Foto: Michele Nucci / AP
  • Ny verdensrekord på 1500 meter kvinner

    Kenyanske Faith Kipyegon tok fredag kveld verdensrekord på 1500 meter for kvinner i Firenze.

    Kipyegon var lenge foran «haren» til verdensrekorden, og klarte å holde helt inn til en historisk bragd.

    Kipyegon endte nesten åtte sekunder foran britiske Laura Muir, som tok 2.-plassen i Firenze. Kenyanerens tidligere bestetid var på 3.50, 37. Den satte hun i Monaco i fjor sommer.

    Tiden ble utrolige 3.49.11, og med det slo hun Genzebe Dibaba sin gamle rekord på 3:50.07. Hun er nå første kvinne til å løpe 1500 meter på under 3 minutt og 50 sekund.

    – Et fantastisk løp, det var perfeksjon, sier NRK-kommentator Jann Post.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste