– Ja, i Rio kjem det til å vere russiske utøvarar som har brukt doping, seier Stepanova til BBC.
Julia Stepanova var den som varsla om omfattande russisk doping. Ho var aktiv 800 m-løpar, og har ein dopingdom frå 2013 bak seg.
Stepanova fekk først løyve til å delta i OL som ein takk for at ho sa frå. Men dette løyvet er no trekt tilbake av IOC, ettersom ho er tidlegare dopingdømd.
I staden vart paret inviterte til Rio som gjester, men har takka nei.
– Kor mange dopa russarar kjem til å delta i Rio, trur du?
– Eg kan ikkje seie noko tal. Men det er over 20 ulike forbund som skal vurdere kven som får lov å delta, seier Julija Stepanova.
– Mange hatar oss
Ho og mannen Vitalij Stepanov måtte flykte til utlandet etter avsløringane om systematisk russisk doping.
– Mange, også idrettsutøvarar, hatar oss for at vi fortalde det vi visste. Derfor kan vi ikkje reise heim til Russland no. Der ville vi vere utrygge, seier Vitalij Stepanov.
I dag er dei på hemmeleg adresse og kjenner seg trygge.
– IOC ønskjer neppe varslarar i framtida
Han er svært skeptisk til IOCs reaksjon etter avsløringane om omfattande og systematiske statleg kontrollert doping i Russland.
– Problemet er at sportsleiarane lagar reglar som dei sjølve deretter meiner dei ikkje treng å følgje. Dei kan dekke over og arrangere det slik at alt ser vakkert ut. Heilt til varslarar seier frå og alt blir avslørt på tv.
– Trur du at fleire vil varsle om systematisk doping slik de gjorde?
– No har IOC vist at det ikkje er noko straff for å ha gjennomført det mest systematiske dopingprogrammet i det største landet i verda. IOC reagerer som om dei har noko å skjule, og dei ønskjer nok ikkje varslarar i framtida, seier Stepanov.
– Vi har gjort vårt
Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) er forbundet som mest konsekvent har sagt nei til russiske utøvarar.
Derfor vil ikkje den europeiske friidrettspresidenten Svein Arne Hansen kommentere Stepanovas påstandar.
– Nei, vi har gjort vårt. Så får andre gjere sitt, seier Hansen, som tidlegare har gått hardt ut mot IOCs handtering av saka.