Det opplyser Rune Andersen til NRK. Andersen er leiar for arbeidsgruppa som har utarbeidd ein rapport om friidrettsdopinga i Russland. Rapporten skal presenterast på styremøtet i det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF, i ettermiddag.
– Dersom IOC og IAAF aksepterer det, kan ho få stille i Rio i sommar, seier Andersen.
Russiske friidrettsutøvarar er suspenderte frå all internasjonal friidrett inntil vidare, og det er derfor heilt uvisst om dei greier å vise at dei er i ferd med å få bukt med dopinga i tide til OL i Rio i august.
Les også: – Like ille som før
– Grunnen til at vi tilrår at ho får delta, er at det var ho og mannen hennar som har varsla om den omfattande dopinga, og som er årsaka til at dette har kome fram i lyset i det heile tatt, seier Andersen.
– Kva signal vil det sende?
– At dersom ein varslar og bidrar til å gi informasjon om mogeleg doping i ulike miljø, skal ein lønast for det på ein eller annan måte. Her er det snakk om OL-deltaking, men det kan sikkert finnast andre måtar å gi fordelar og oppmuntring også, seier Andersen.
Han meiner dette er noko heilt nytt om Stepanova blir den einaste russaren som får delta ut frå eit slikt grunnlag.
– Men dette skal behandlast først i IAAFs styre i dag og i morgon, seier Rune Andersen.