– Ei rekke viktige vedtak blei gjort, seier visepresident Olle Dahlin etter IBU-styremøtet i austerrikske Saalfelden måndag.
Det internasjonale skiskyttarforbundet er hardt pressa etter at politiet starta etterforsking av tidlegare president Anders Besseberg og den suspenderte generalsekretæren Nicole Resch for mistankar om korrupsjon og manipulasjon av dopingprøvar.
– Riktig steg
No har styret i forbundet konkludert med at ekspertar skal granske antidopingarbeidet i IBU.
– Eg ser på det som eit riktig steg å gjøre ei ekstern gjennomgang, seier Dahlin til NRK.
– Kvifor?
– Med det som har skjedd vil vi forsikre oss om at vi har ein fungerande antidopingorganisasjon i IBU.
– Er du i tvil om antidopingorganisasjonen har fungert tidlegare?
– Eg vil ikkje forskuttere den eksterne utgreiinga, men no er det jo ei lovbrotsanklage her. Denne gjennomgangen vil skje innan få veker. Dette er vår høgste prioritet no, seier Dahlin.
Det er samanslutninga av internasjonale antidopingorganisasjonar, Inado, som står for granskinga. Antidoping Norge er medlem i Inado, men seier til NRK at dei ikkje har blitt kontakta i saka.
Ordknapp om mistenkt generalsekretærs framtid
Det internasjonale skiskyttarforbundet antydar også at dei vil endre bemanninga i organisasjonen, men vil ikkje seie om generalsekretær Nicole Resch er ute av IBU.
– Ho har ein midlertidig suspensjon, seier Dahlin kort.
– Kan ho komme tilbake?
– Eg vil ikkje spekulere i korleis vi tar det vedtaket. Dette handlar om bemanninga i den nye organisasjonen. Vi er tvungne til å prate med dei som blir rørt ved internt før vi går ut eksternt med det, seier Dahlin.
– Kvifor ser IBU behov for å endre i bemanninga?
– Det er eit bra tidspunkt å sjå over heile organisasjonen. Ikkje bare med tanke på det som har skjedd, men for å gå sterkare inn i framtida. Vi utnyttar ein kryssituasjon til å komme sterkt ut av den. Derfor ser vi på heile organisasjonen og ikkje bare finjusterer i enkelte saker, seier Dahlin.
Fungerande generalsekretær Martin Kuchenmeister fortel at fleire avdelingar vil oppleve endring.
– Vi vil reorganisere sportsavdelinga, kommunikasjonsavdelinga og administrasjonen, seier Kuchenmeister.