Hopp til innhold

Varslar ekstreme tiltak for å forhindre juks – NRK-reporter lurte tryggingssjekken på første forsøk

Ein øyrepropp like stor som ei ert er alt du treng for å jukse deg til suksess i sjakk. Før VM i fischersjakk kom NRK seg forbi sjekken som skal avsløre juksemakarar.

Sikkerhetssjekk før VM i sichersjakk

TRYGGINGSSJEKK: NRKs reporter blir undersøkt før inngang til VM-arenaen i Reykjavík.

Foto: ALEM ZEBIC / NRK

  • Se sendingen i videovinduet litt lenger ned i artikkelen!

Før spelarane går inn til VM-arenaen i Reykjavík må dei gjennom ein omfattande tryggingskontroll. Der møter dei to personar som undersøkjer om spelarane har med seg ulovlege hjelpemiddel inn i lokalet.

Dette ville NRK teste. Før turneringsstart på Island tok NRKs reporter med seg ein del utstyr, for å sjekke om noko av det blei fanga opp av kontrollørane.

Ein øyrepropp på storleik med eit lite korn, blei plassert heilt inntil trommehinna. Den var kopla til ein mottakar gøymd i kleda, og som gjorde at ein kunne kommunisere med ei smartklokke festa på innsida av beltespenna.

LITEN ØREPROPP

LITEN: Denne øyreproppen prøvde NRK å få gjennom tryggleikssjekken på VM-arenaen på Island.

Foto: JØRUND WESSEL CARLSEN / NRK

På den måten kan ein person på utsida ringje rett til smartklokka og gi beskjed om kva som er rett trekk.

I tillegg tok NRK med ein walkietalkie, straumarmband og eit par solbriller med øyreproppar.

Både walkietalkien og straumarmbandet vart avslørt i tryggingssjekken. Men verken øyreproppen, smartklokka eller solbrillene gav utslag.

NRK-reporter Pia Rivelsrud prøver å jukse seg inn

NRKs reporter på innsida av tryggingssjekken kunne dermed få beskjedar frå utsida om kva som var beste trekk.

Undervegs i sjekken følgde visepresidenten i det internasjonale sjakkforbundet (Fide), Jøran Aulin-Jansson, nøye med. Men han lét seg ikkje stresse veldig av at NRK kom seg gjennom.

Eigentleg ikkje. Vi har andre ting i bakhand som hadde øydelagt forsøket, seier Aulin-Jansson til NRK.

Så du er trygg på at ingen får med seg noko gjennom kontrollen?

Det er godt mogleg dei gjer det, men dei får ikkje bruk for det, seier han.

SE DIREKTE: Her sender sendingen fra VM i Fischersjakk

Strenge reglar

Oppstandelsen rundt juks i sjakk starta for halvannan månad sidan, då Magnus Carlsen trekte seg frå Sinquefield Cup etter eit parti mot Hans Niemann. Sidan har chess.com påstått at Niemann juksa over 100 gonger.

Dette har medført ei kraftig innstramming i tryggleiken rundt større sjakkturneringar. Under den amerikanske meisterskapen nyleg vart ein banan undersøkt på veg inn i arenaen.

Før turneringa (i Sinquefield) nemnde nokre spelarar at dei burde ha tryggingstiltak, men dei endra ikkje mykje før Carlsen trekte seg. Han tok eit standpunkt og tvinga folk til å handle. Det er på tide at nokon gjer noko, for eg meiner Fides tryggleik ikkje er så høg som han bør vere, seier Wesley So til NRK.

Det har fått oss til å auke alle aktivitetar for å hindre juks og demotivere eventuelle juksarar å prøve seg, seier visepresident i Fide og arrangør av VM i fischersjakk Jøran Aulin-Jansson.

Blir kasta ut om dei bryt reglane

Når Magnus Carlsen og dei andre spelarane entrar speleområdet på Island, møtest dei av store plakatar med seks reglar.

Her blir Carlsen undersøkt før inngang til VM-arenaen.

Viss reglane blir brotne, skal regelbrytaren kastast ut.

  1. Mobiltelefonar, smartklokke eller anna elektronisk utstyr er forbode på arenaen.
  2. Lever alt elektronisk utstyr frå deg før du entrar lokalet.
  3. Når du forlèt arenaen må du vere i karantene i fem minutt før du får eigedelane tilbake.
  4. Du må sjølv vere i eit karanteneområde i fem minutt.
  5. Det skal vere stille i spelelokalet.
  6. Viss nokon av reglane blir brotne, vil du bli kasta ut av turneringa.

NRK risikerte verken diskvalifikasjon eller tap av ansikt, men kom seg gjennom med både øyrepropp og smartklokke.

Eg føler framleis ikkje at det er trygt. Eg høyrde at ein NRK-reporter kom seg gjennom. Dei kriminelle er alltid eit steg framfor, seier Jan Nepomnjasjtsjij til NRK.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal