Hopp til innhold

Varsku om «skam» og «tabu» i fotballen: – Dei fryktar for plassen på laget

Fleire NRK har snakka med seier fotballspelarar som slit psykisk ikkje tør å seie frå til klubben dei speler for. Idrettspsykologen Dag Sørum trur det handlar om skam og tabu.

Sødlund

KAN VERE MØRKT: Livet som profesjonell fotballspelar er ikkje alltid ein dans på roser. Fleire fryktar sportslege og økonomiske konsekvensar om dei fortel at dei har det tøft.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

– Eg har snakka med fleire spelarar som ikkje ønskjer å gå til klubbane sine når dei slit med noko. Dei ønskjer heller ei objektiv kjelde å snakke med der dei har full diskresjon. Det er viktig for dei at klubbane og støtteapparatet ikkje har full kontroll på det som skjer, seier Dag Sørum til NRK.

Han er blant Noregs mest kjende idrettspsykologar og har jobba med toppidrettsutøvarar i 23 år. Han anslår sjølv å ha mellom fem og ti alvorlege samtalar med utøvarar i løpet av ei veke.

Og sjølv om nye tal viser at det er auka fokus på mental helse, er han klar på at fotballen framleis har ein lang veg å gå.

Han fortel om fleire spelarar som kjenner på skam for å snakke om mentale utfordringar og ikkje vil seie frå til klubben i frykt for sportslege konsekvensar.

André Sødlund kan relatere til det.

– Redd for å bli dømt

Den tidlegare Sandefjord- og Odd-spissen delte nyleg den sterke historia si med NRK. Då beskreiv han fotballen som ein «machobransje». Sødlund, som la skoa på hylla som 25-åring, var ein av dei som frykta for plassen på laget om han fortalde om utfordringane sine.

– Det er vanskeleg. Det er ikkje veldig vanleg å snakke om, sa han til NRK, og la til:

– Ein er veldig redd for å bli dømd. Ein ser på fotballen som ein machobransje viss ein er svak og slit med det eller det, så klarer ein ikkje å stå i motgang. Men det handlar ikkje om det. Dette er jo ein sjukdom som skal behandlast som ein kneskade.

Sødlund

VIL HA MEIR FOKUS: André Sødlund har vore gjennom nokre tøffe tider. Han skulle ønskje mental helsetilbodet i norsk fotball var endå betre.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY

Det er nokre tema som går igjen når utøvarane har time med Sørum. Skadeperiodar, det å nærme seg slutten av karrieren eller at nokon slit etter å ha skifta klubb.

Men av og til er det langt meir alvorleg, som eteforstyrringar og sjølvmordstankar. Gjengangaren, uavhengig av alvorsgrada, er at spelarane er bekymra for konsekvensane viss trenaren får greie på kva som går føre seg.

Sørum seier at spelarar har sagt til han at dei føler at dei får ei «ripe i lakken» om dei opnar opp om utfordringar.

Idrettspsykolog Dag Sørum

PSYKOLOG: Dag Sørum har ei årrekkje bak seg som idrettspsykolog. Han samarbeider med Niso.

Foto: Privat

– Dei fryktar for plassen på laget. Det er nok mange trenarar som fryktar at spelaren kan bli ei slags belastning i pressa situasjonar om du ikkje har god nok psyke. Men det handlar som regel ikkje om det i det heile. Det kan vere at nokon slit på heimebane eller ikkje får sove om nettene, fortel Sørum.

– Å få kartlagt og jobba med desse tinga er ikkje einstydande med at ein sviktar i situasjonar på banen, legg han til.

Han meiner det framleis er mykje skam knytt til det å slite mentalt som fotballspelar, og at det derfor blir tabubelagt å snakke om det. Akkurat som Sødlund var inne på.

Fryktar konsekvensar

Det handlar ikkje nødvendigvis «berre» om frykt for å miste plassen på laget, seier sportssjef i Lillestrøm, Simon Mesfin.

– Spelarane går på mellombelse kontraktar. Det er naturleg for dei å tenkje at dei set seg i ein ekstremt dårleg situasjon om dei fortel at dei slit med noko, til dømes viss ein går mot slutten av ein kontrakt. Det er mykje å tenkje på, og det er mange «konsekvensar» å ta omsyn til.

Simon Mesfin

SPORTSSJEF: Lillestrøms Simon Mesfin.

Foto: Audun Braastad / NTB

Desse konsekvensane kan både vere økonomiske og sportslege, påpeikar han.

Mesfin opplever sjølv at mange norske klubbar no jobbar for å skape eit trygt miljø for utøvarane sine, og tala viser at pila peikar i rett retning. Som NRK skreiv førre veke, er det fleire spelarar dei siste åra som opplever auka fokus på mental helse i norske klubbar.

Men Mesfin er klar på at ein ikkje er i mål heilt enno, betringa til trass. Han seier sjølv at han har både første- og andrehandsinformasjon på at spelarar vegrar seg for å opne opp om at dei har det tøft.

– Det er naturleg at dei blir redde for laguttaket viss dei seier at dei har «ei svakheit», seier han, og understrekar:

– Det er opp til oss som er trenarar og leiarar å leggje til rette for at spelarane tør, ønskjer og vil komme til oss med både store og små problem eller utfordringar i livet.

CIRLBUnJeuU

KJENDE SEG ÅLEINE: André Sødlund trudde han skulle leve gutedraumen som profesjonell fotballspelar. Slik vart det ikkje.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

– Vorte meir alvorleg

Sørum er tydeleg på at frykta for å opne opp om problema sine ikkje gjeld alle og at det ikkje er bekmørkt når det gjeld mental helse i fotballen.

– Det er sjølvsagt store individuelle forskjellar. Eg har høyrt spelarar seie at dei har snakka med trenaren og både fått ei god prat og oppfølging. Eg ser mykje av begge delar, seier han.

Han trekkjer, til liks med Mesfin, fram dømet på kontraktssituasjonen spelarar står i.

– Eg spør alle som kjem til meg om kvifor dei byrja med idretten dei driv med. Svaret er ofte fordi det er gøy, det er gøy å vere ein del av eit lag, ha kameratskap og kjenne på samhald. Å vinne og tape saman. Og sjølve ideen og grunnlaget ligg der framleis, men fotballen har vorte langt meir alvorleg. Ein har på sett og vis måla seg inn i eit hjørne:

– Ein er avhengig av fotballen for å tene pengar. For å bli profesjonelle spelarar har dei lagt alle egga sine i ei korg, gått glipp av utdanning og blir derfor veldig sårbare for skadar eller å bli sett ut av laget. Det er i alle fall mange som opplever ein «bruk og kast-mentalitet», seier han.

Martin Ødegaard

BETYR MYKJE: Fotballen betyr ekstremt mykje – for ekstremt mange. Oppturane kan vere enorme. Det same gjeld nedturane. Her fortviler Martin Ødegaard etter 3-3-kampen mot Southampton.

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

André Sødlund meiner klubbane kan – og – gjere endå meir.

– Eg meiner det må liggje inne i det økonomiske i klubbane, at det er noko ein prioriterer på lik linje med ein fysisk trenar. Viss ikkje den mentale helsa er på plass, fungerer ikkje kroppen, heller.

Siste nytt

  • Gavi utvist i Barcelona-seier

    Barcelona-unggutten Gavi (19) fikk rødt kort på overtid i 1-0-seieren over Porto i mesterligaen. Vinnermålet ble satt inn av Ferrán Torres.

    Etter to strake sesonger med exit i puljespillet ligger Barcelona i år langt bedre an. Katalanerne står med full pott etter to kamper.

    Torres trillet inn 1-0-scoringen mellom beina på Portos keeper Diogo Costa rett før pause. I forkant ble han spilt følsomt igjennom av Ilkay Gündogan.

    Barcelona måtte avslutte oppgjøret i Portugal med ti mann. Tre minutter ut i tilleggstiden fikk Gavi sitt andre gule kort for å dra i drakten til en Porto-mann. Han mister dermed neste gruppekamp mot ukrainske Sjakhtar Donetsk.

    Porto hadde sine muligheter på hjemmebane, men godt stopperspill fra særlig Jules Koundé reddet Barcelona. Vertene fikk straffespark i sluttfasen, men avgjørelsen ble omgjort etter en VAR-sjekk. (NTB)

    z7YVW8SzZUs
    Foto: AP
  • Newcastle lekte med PSG - vant 4-1

    PSG virket regelrett sjanseløse da de gjestet Newcastle, som spilte deres første hjemmekamp i Mesterligaen siden 2002/03-sesongen.

    Vertene var i fyr og flamme og presset gjestene fra Frankrike intensivt fra første sekund. 17 minutter ut i oppgjøret fikk de lønn for strevet da Miguel Almiron banket inn kveldens første.

    Før pause stanget Dan Burn inn doblingen etter å ha knust Milan Skriniar i lufta.

    Newcastle-gutten Sean Longstaff ville også være med på moroa, og fem minutter etter pause sto det 3-0 på måltavla. En utrolig bragd av engelskmennene mot Kylian Mbappé og co.

    Warren Zaïre-Emery (17) er et talent av de helt sjeldne og med en følsom pasning over Newcastles forsvar fant han Lucas Hernandez. Backens 3-1-scoring ble av det trøstende slaget, for dette var Newcastles store kveld.

    På overtid fastsatte Fabian Schar sluttresultatet til 4-1 med en suser fra distanse. En ydmykelse av de franske mesterne.

    BYXgH8zL_50
    Foto: Reuters
  • Vålerenga legger press på Rosenborg - slo Arna-Bjørnar i innholdsrik kamp

    Vålerenga hadde kun tatt to poeng på de siste to kampene i Toppserien og dermed gitt fra seg tabelltoppen til Rosenborg før onsdagens kamp mot Arna-Bjørnar.

    Arna-Bjørnar kjemper på sin side for å unngå nedrykk, men de kom til kampens første store sjanse i Oslo onsdag kveld.

    Gradvis tok Vålerenga over og etter en halvtime kom uttellingen. Med et lekkert skudd fra 15 meter sendte Olaug Tvedten Vålerenga i ledelsen og bare fem minutter senere doblet hun ledelsen, via Arna-Bjørnars Sigrid Aas.

    Arna-Bjørnar slo imidlertid tilbake. Vilde Vedeler reduserte etter 40 minutters spill og ti minutter ut i den andre omgangen utlignet Linnea Sælen da hun kom først på en ball i bakrommet og kunne spasere ballen inn i tomt bur.

    Håpet om poeng ble kortvarig for Arna-Bjørnar, for bare fire minutter senere headet Vålerenga-kaptein Ingibjörg Sigurdardóttir ballen i mål og få minutter etter sto det 4-2 etter et selvmål fra Imana Chebel.

    Flere mål ble det ikke og dermed er Vålerenga oppe på 49 poeng, like mange som serieleder Rosenborg. Trønderne har både en marginalt bedre målforskjell og én kamp mindre spilt enn laget fra Oslo. Dermed kan det bli spenning om Toppserie-gullet helt inn. Vålerenga møter Rosenborg borte i siste serierunde, 18. november. De to lagene møtes også i cupfinalen 26. november.

    Arna-Bjørnar ligger nest sist og på kvalifiseringsplass, ett poeng foran Avaldsnes på nedrykksplass.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste