Hopp til innhold

Var postbud under førre EM – no kan han gjera Nord-Irland historiske

Då Tyskland spelte semifinale under EM i 2012, måtte den nord irske spissen Conor Washington (24) leggja seg før kampen var slutt. Han skulle gå postrunden i heimlandet England.

SOCCER-NIR-BLR/

FEIRING: Her feirar Conor Washington sitt andre landslagsmål. Sidan han debuterte for landet i mars i år har han spelt fem kampar og scora to mål.

Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg jobba som postmann. Eg prøvde å få med meg dei fleste kampane, men måtte gå i seng tidleg, då eg måtte gå med posten klokka fem om morgonen, seier Conor Washington ifølgje Daily Mail.

Det har gått fire år sidan Washington spelte for St Ives Town og banka inn mål på sjuande nivå i engelsk fotball. I tillegg jobba han som postmann for å få endane til å møtast.

I kveld kan han sende Nord-Irland vidare i EM. Om dei tar poeng mot regjerande verdsmeister Tyskland, er dei så godt som klare for åttandedelsfinalen, for første gong.

– Det er heilt surrealistisk å tenkje på kor eg er no og kor eg var for fire år sidan. Eg klyp ikkje meg sjølv i armen av og til. Eg gjer det heile tida, seier han ifølgje The Guardian.

Tenkte ikkje på landslaget

For fem dagar sidan var i startoppstillinga då Nord-Irland slo Ukraina 2–0, i landets første meisterskap på 30 år.

Frå EM i 2012 og fram til i dag, har Washington vore innom Newport Country, Peterborough Town og no Queens Park Rangers i engelsk championship.

Han er fødd i England, mora er frå Skottland, medan bestemora er nord-irsk. Det gjorde at Washington hadde tre val då han skulle bestemme seg for kva landslag han skulle representera.

SOCCER-EURO-POL-NIR/

NESTEN: Så nære var Conor Washington å utlikna for Nord-Irland i 1–0 tapet mot Polen. Ei dårleg ballberøring gjorde at ballen hamna i armane til keeper, i staden for i målet.

Foto: Eric Gaillard / Reuters

– Eg har visst at eg kunne spelt for Nord-Irland heile livet, men det var ikkje noko eg tenkte over då eg var 19–20 år. Då spelte eg i Conference (fjerde nivå), seier han til.

Han vart kalla opp til den nord-irske troppen for første gong i mars i år, til privatlandskampane mot Wales og Slovenia. I sin andre kamp scora han, på sin andre tur til landet han no speler for i EM.

Hans første tur var under ein treningskamp med Peterborough.

Hummels: – Ei fantastisk historie

Nord-Irland har sjansen til å ta seg vidare til utslagsrundane i EM, men då må dei få med seg eit resultat mot regjerande verdsmeister Tyskland.

FBL-EURO-2016-MATCH18-GER-POL

HINDRINGA: Tyske Mats Hummels er mannen som skal hindra at Conor Washington får sitt tredje mål for Nord-Irland i kveld.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

– Eg høyrde om hans historie. Eg elskar slike historier, seier Tysklands forsvarssjef, Mats Hummels før kveldens kamp.

Historia til Washington er ikkje ulik historia til Englands stjernespiss, Jamie Vardy, som kom frå lågare divisjonar og tok Premier League med storm denne sesongen.

– Vardy har vore ein stor inspirasjon for meg. Han har vist at det er mogeleg å ta vegen opp frå lågare divisjonar og ikkje berre via storklubbane sine akademi, seier Washington.

  • Kampen mellom Tyskland og Nord-Irland ser du direkte på NRK 1, frå klokka 18.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, skal være på vei bort fra Formel 1-laget etter trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal