– Det er mange grunnar til at vi tapte, men den vikigaste var at dei var betre enn vi. Vi har langt att før vi er skarpe nok.
Solskjær var klar på at kviletida sidan United avslutta førre sesong 16. august, var for knapp, trass i at dei fekk utsett serieopninga som skulle vore for ei veke sidan.
– Vi såg det dei første ti minutta. Dei kom ut av startblokkene veldig raskt. Vi gjorde feil, og dei fekk kampen inn i deira spor. Og då dei fekk første målet, visste vi at vi kom til å kjempe mot ei stor og godt organisert blokk, sa Solskjær.
Palaces første målscorar Andros Townsend stadfester det.
– Vi visste at United sesongstarta, og om vi starta i høgt tempo, kunne vi overrumple dei. Det var akkurat det vi gjorde, sa Palaces Andros Townsend til Sky Sports. Han scora etter berre sju minutt.
– I dag var vi gode
Palace-manager Roy Hodgson var stolt etter kampen.
– I dag var vi gode både offensivt og defensivt, sa han til BBC:
– Vi var alltid farlege når vi hadde ballen, så det var ingen stor overrasking for meg at vi scora tre.
United hadde slite mot Palace-forsvaret på 0–1 lenge då kampen tok fyr etter 70 minutt.
Victor Lindelöf brukte handa for å stanse eit Palace-angrep. Det såg ikkje dommaren med det same, men fekk VAR-melding, og gjekk ut for å sjekke. Han konkluderte med straffe.
Det gjorde ikkje Ole Gunnar Solskjær.
– For meg er dette ingen straffe, sa Solskjær.
Debutant scora
Jordan Ayews forsøk frå merket var svakt, og de Gea redda greitt. Men han hadde flytta seg litt for tidleg ut frå streken, og etter lit meir om og men, dømde dommaren straffa på nytt. Wilfried Zaha var eksekutør, og denne gongen gjorde han ingen feil.
Nyinnkjøpte Donny van de Beek tente håpet med redusering då det framleis var ti minutt att.
Men i United-presset slo Palace tilbake. Zaha scora sitt andre for kvelden med fem minutt igjen, og Palace vann 3–1 på Old Trafford. Det er første gong på to år at United slepp inn tre mål i ein heimekamp i Premier League.
Men for manager Solskjær blei det ein tung dag. For første gong sidan 2014 tapte Manchester United ein opningskamp i Premier League.
For Roy Hodgsom og Crystal Palace er humøret noko helt anna etter sesongstarten. Dei har sems poeng på sine to første kampar.
PS: Sist United opna sesongen med tomålstap var mot Aston Villa i 1995 (1-3). Men dei tok ligagullet likevel til slutt.