– Bolt klarar det igjen. Han låg bak halvvegs, men kom som ei kule på slutten. Dette gullet måtte han kjempa hardt for, seier NRKs kommentator, Jann Post.
Justin Gatlin var i leiinga midtvegs, men på slutten var Bolt raskast og klokka inn på 9,81. Han sjuande OL-gull. Gatlin tok sølv og Andre De Grasse tok bronsen.
– Tre gull på rad. Han viser at han framleis er verdas raskaste mann, men tida er ikkje til å ta av for. Men det heldt, seier NRKs ekspertkommentator, Vebjørn Rodal.
– Det var ein god start og eg fekk vist at eg er i betre form enn i fjor. Nokre tvilarar vil det alltid vera, men eg vant gullet og er der eg skal vera, seier Bolt.
- Les også:
- Les også:
Størst toppfart
Som så mange gonger før var det Justin Gatlin som var raskast ut av startblokkene, og var i leiinga halvvegs. Så kom Bolt i lange klyv og med ti meter att til mållinja hadde han full kontroll. Akkurat som i semifinalen.
– Eg trur ikkje det stoppa opp for Gatlin. Bolt har rett og slett større toppfart, trass i at han vart hengande litt bak ut frå start, seier Rodal.
– Eg var i tvil om det kom til å bli eit Bolt-show eller ein jamn finale. Men etter dette trur eg mest på Bolt-show, sa NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal etter semifinalen.
For i semifinalen var Bolt heilt overlegen, og dei siste 20 meterane jogga han roleg og såg rundt seg, medan han gliste stort. Tida var 9,86. Justin Gatlin på si side sprang på 9.94 i semifinalen, tredje raskast. Nest raskast var canadiske Andre De Grasse på 9,92.
29-åringen har aldri tapt ein 100 meter finale i eit meisterskap, og har vunne distansen i både OL og VM kvar gong sidan OL i 2008. Under VM i Daegu i Sør-Korea i 2011 vart han diska for tjuvstart før finalen og kunne dermed ikkje forsvara gullet på distansen. Verdsrekorden hans er 9,58, sett under VM i Berlin i 2009.