I det avgjerande partiet mot engelske Nigel Short onsdag var Carlsen i førarsetet heile vegen og vann trygt.
Dermed gjekk Carlsen gjennom
med fire sigrar, ein remis (uavgjort) og to tap. Ettersom ingen av konkurrentane vann meir enn to kampar, vann nordmannen turneringa klart.Nytt var det at turneringa opererer med "fotball-score", det vil seie tre poeng for siger og eitt for remis. Dermed enda Carlsen på 13 poeng, medan Viswanathan Anand og Luke McShane delte andreplassen med 11. Anand hadde tangert Carlsen med siger mot Vladimir Kramnik i siste runde, men kampen ende med remis.
Førsteplassen gir Magnus Carlsen førsteplassen på den offisielle rankinglista som kjem 1. januar, melder
på si nettside.Ettersom Carlsen vann turneringa åleine, fekk han 50.000 euro - nær 400.000 kroner - i premie.
Dersom turneringa hadde vore spela etter vanleg poengsystem, med eitt poeng for siger og eit halvt for remis, hadde han måtta dele førstepremien med Anand og McShane.