– Det kjennest heilt utruleg, spesielt her som vi skal kjempe om OL-medaljar neste år, sa Anders Mol til arrangørane si tv-sending, vist på TV 2, like etter at dei hadde slått sine tyske motstandarar.
Men dei norske verds-einarane fekk tøff motstand av det tyske paret Nils Ehlers og Lars Flüggen. Tyskarane er så lågt rangert at dei måtte gjennom kvalifisering for å få vere med i hovudturneringa, der dei overraskande kom heilt til finalen.
– Det er eit lag vi aldri har møtt før. Det er eit nokså nytt lag. Dei spela ein taktisk god kamp, og det tok tid før vi fekk skikkeleg tak på dei, seier Sørum til NRK, på telefon frå baksetet i taxien som tek dei til flyplassen og ny turnering i Wien i neste veke.
Nyttig OL-erfaring
I første sett gjekk dei jamnt med Mol og Sørum til 10-10. Men derfrå drog nordmennene sakte, men sikkert frå.
I andre sett fekk Mol og Sørum endå sterkare motstand. Ehlers og Flügen leia tidleg 4-1, og dei var også i leiinga på 10-9. På 20-17 til det norske paret hindra dei først ein matchball, men dei greidde ikkje den andre.
– Det er godt å ha vunne ein så tett kamp. No ser vi fram til OL, då det heilt sikket blir mykje meir fokus og folk rundt bana, seier Sørum.
– Det gir ei ekstra god kjensle å ha vunne der, og å ha kjent på sanden og arenaen. Det var ei nyttig erfaring.
– Kva med varmen?
– Vi merka at det var skikkeleg tungt. Vi har hatt med folk frå Olympiatoppen som har gjort testar undervegs. Vi har vore borti like stor varme andre stader også, den største skilnaden var den fuktige lufta. Vi mista mykje meir væske enn det vi gjer elles.
Femte siger i år
Sigeren er deira femte i verdscupen i år, og den niande totalt sidan dei slo gjennom i fjor vår.
– Det skal bli tøft å slå oss i den næraste framtida om vi held fram med å spele slik som no, sa Sørum.
Turneringa i Wien komande veke er sesongens siste femstjerners.
– Det blir eitt av høgdepunkta i år. Vi gler oss til å kome tilbake dit, seier Sørum.
Fire turneringar står att denne sesongen, inkludert EM. Så skal Mol og Sørum ha ein velfortent ferie, fram til neste sesongoppkøyring tek til i når jula nærmar seg. Og neste år er sjølvsagt OL i juli-august det store målet.
– Eg veit ikkje heilt korleis kalenderen er neste år. Men det blir mykje trening og mange turneringar også fram mot OL, seier Sørum.