NRK Meny
Normal

Vålerenga snudde og vann mot Lillestrøm

To glimrande pasningar av Rasmus Lindkvist førte til at Vålerenga snudde kampen mot erkerivalen og vann til slutt 3–1. Men Lindkvist er truleg snart tapt for Oslo-klubben.

Vålerenga-jubel

SNUOPERASJONEN: Ghayas Zahid blir gratulert etter utlikningsmålet av pasningsleggar Rasmus Lindkvist. Christian Grindheim vil også delta i jubelen

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Statistikken før dagens utgåve av Norges mest intense fotballrivalisering var så jamn som det nesten er mogeleg.

Sidan 1975 har laga møtt kvarandre 72 gonger i øvste divisjon. Kvart av laga har vunne 24 gonger, og 24 gonger har det også enda uavgjort. Vålerenga leia med fattige to plussmål.

Første LSK-tap sidan 16. mai

Men det var før Vålerenga snudde dagens kamp og tok ein klar siger framfor 11.400 på tribunene, og hoppa opp til fjerdeplassen på tabellen. Og Lillestrøm tapte for første gong sidan 16. mai.

LSK mangla også toppscorar Erling Knudtzon, som måtte sone for tre gule kort.

– I dag sprudla det. Vi fekk ein litt ruskete start, men vi visste korleis vi skulle gjere det. Og då det tok til å sprekke opp for dei, fekk vi dei sjansane vi trengde, sa VIFs Bård Finne til Eurosport.

– Dei scorar tre på fire sjansar, og det er det som skil laga i dag. Vi er for upresise, sa LSK-trenar Arne Erlandsen.

Og la til:

– Dei har ein litt større snert i angrepa, og vinn fortent, sa Erlandsen til NRK.

VIF-trenar Ronny Deila leier eit lag som er i ferd med å nærme seg tabelltoppen. Han jubla over sigeren mot LSK.

– Vi makta å auke tempoet etter at vi kom under, og det hjelpte. Det blir alltid tett og tøft mot Lillestrøm, og når vi får betalt med siger, er det utruleg stort, seier Deila til NRK.

Neste helg får han og laget ei kanskje endå tøffare oppgåve: Mot serieleiar Brann i Bergen.

– Vi er verkeleg med i toppen om vi vinn der, seier VIF-trenaren.

Reserven scora

LSKs midtstoppar og veteran Frode Kippe blei testa før kampen, og var ikkje i stand til å spele. Dermed måtte Arne Erlandsen gjere omrokeringar, og det gav Fredrik Krogstad sjansen frå start.

Og det var nettopp Krogstad som sende gjestene i leiinga på Ullevaal. Han var på rett plass til rett tid på pasninga frå Aleksander Melgalvis og sette inn det første målet.

LSK hadde god kontroll bakover og forsvarte leiinga til omgangen var godt og vel halvspela. Då glapp det to gonger i rask rekkefølgje. Først breisida Ghayas Zahid inn 1–1.

Tre minutt etterpå heada Mohammed Abdellaoue Vålerenga i leiinga – hans første Ullevaal-mål på nesten eitt år.

– Dette var Moas beste kamp på lenge, sa Deila til NRK.

Mister truleg «servitøren»

Rasmus Lindkvist

SNART TIL SVERIGE? Rasmus Lindkvists to målgivande pasningar på tre minutt snudde kampen for Vålerenga. Men i løpet av juli reiser han truleg til Stockholm og AIK

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Heimelaget hadde snudd kampen, og Rasmus Lindkvist la inn til begge scoringane.

For Lindkvist var det nok ein av dei siste kampane han spela for Vålerenga. Ifølgje fotbolltransfers.com har Vålerenga akseptert eit bod frå svenske AIK, der Lindkvist blir speleklar 15. juli.

Etter pause var Vålerenga best i det meste, og Bård Finne scora Vålerengas tredje etter seks minutt i andre omgang.

Lindkvist ville etter kampen ikkje kommentere påstandane om at han skal vere på veg til Sverige.

– Nei, eg har kontrakt med Vålerenga eit halvt år til, og eg trivst her, seier Lindkvist til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Zuccas nye sjef klar

    51 år gamle David Quinn er ansatt som ny trener for Mats Zuccarellos NHL-klubb New York Rangers. Quinn kommer fra trenerjobben til Boston University. Quinn erstatter Alain Vigneault. Han fikk sparken bare timer etter at New York Rangers ikke tok seg til NHL-sluttspillet for første gang siden 2010.

    Mats Zuccarello Aasen
    Foto: Elsa / Getty Images
  • Ancelotti blir Napoli-trener

    Carlo Ancelotti (58) har skrevet under en treårskontrakt som trener for serie A-klubben Napoli. Ancelotti fikk sparken i Bayern München sist høst. Han erstatter Maurizio Sarri som ledet Napoli til andreplass bak Juventus. Sarri skal være aktuell som ny trener i både Chelsea og Zenit St. Petersburg.

    SOCCER-ITALY-NAP/
    Foto: Charles Platiau / Reuters
  • Viviani med sin fjerde seier

    Elia Viviani tok sin fjerde etappeseier under Giro d'Italia onsdag. Han er dermed den første italieneren på fire år til å vinne fire etapper i én og samme utgave av Giro d'Italia.

    Alle sammenlagtfavorittene kom seg helskinnet til mål, og Simon Yates er fortsatt mannen som innehar den rosa ledertrøya etter den 17. etappen over 155 kilometer fra Riva del Garda til Iseo.

    CYCLING-ITA-GIRO
    Foto: LUK BENIES / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk