Vålerenga mister toppscoraren: Har ikkje hatt ferie på fem år

– Natasha Dowie har vore gull for oss, seier trenar Monica Knudsen.

Natasha Dowie

TOPPSCORAR: Natasha Dowie må forlate Vålerenga med fire serierundar og kanskje ein cupfinale igjen av sesongen

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Engelske Natasha Dowie er ikkje som andre fotballspelarar. Når ho ikkje spelar for sin australske klubb Melbourne Victory, er ho i andre deler av verda og spelar.

Det betyr at ho ikkje har ferie frå fotballen. Det har ho ikkje hatt på fem år.

– I år blei vi seriemeister, derfor blei sesongen litt lengre enn vanleg på grunn av sluttspelet. Og eg hadde berre så vidt tid til å besøke familien i England, seier ho.

– Men eg likar det, fordi for meg er fotball sjølve livet. Eg har lyst til å halde på fem-seks år til.

Mister toppscoraren i innspurten

Natasha Dowie

AUSTRALIA: Engelske Natasha Dowie har tapt sitt hjarte til Australia og Melbourne. Her saman med pappa og ein kenguru

Foto: Privat

Etter sesongen i Australia, drog ho på lån til Vålerenga. Men ho må heim igjen i god tid før sesongen tek til i Australia i november.

Det betyr at Vålerenga mister toppscoraren sin i dei fire siste seriekampane, pluss i ein eventuell cupfinale.

Ho spela først heime i England, så reiste ho til USA. Så hamna ho i Australia, og der har ho spela i fem sesongar.

– I Australia er det meir vanleg å spele året rundt. Dei fleste på «The Mathildas» – landslaget – spelar meir eller mindre året rundt.

Men det var ikkje nok. Ho ville spele meir fotball, og då blei det Skandinavia.

– Det er dei einaste ligaene som høver med W-league (Australias toppliga for kvinner), seier ho. Derfor blei det Sverige og Linköping i fjor. At ho hamna i Noreg i år, har Vålerenga-trenar Monica Knudsen æra for.

– Monica tok kontakt. Det kjennest som ho verkeleg ville ha meg, ikkje minst på grunn av mi erfaring i eit elles ungt lag.

Har aldri vore skadd

Vålerenga er på fjerdeplass på tabellen, og med i medaljekampen. I cupen møter dei Avaldsnes onsdag, til kamp om ein plass i semifinalen.

– Eg må også planlegge resten av karrieren rundt W-league, seier 31-åringen.

Ho har aldri i heile karrieren vore skadd.

– Fysioterapeutane er mine beste vener, dei ser etter meg heile tida.

Om ho kjem tilbake til Vålerenga neste sesong, er ho ikkje sikker på. Men ho er sikker på at ho kjem til å spele fotball også neste sommar.

– Har vore gull å ha henne

Monica Knudsen meiner klubben er rigga for tida etter Dowie.

– Det har vore gull å ha henne her. Ho er utruleg profesjonell og ein spela som alle kan lære mykje av. Det er klart at ein slik kapasitet blir sakna, men det må vi handtere. Vi skal godsnakke med henne før ho reiser, så kan bli aktuelt med ny sesong, seier Knudsen.

– Eg veit ikkje. Men Vålerenga er definitivt aktuelt, seier Natasha Dowie.

Siste nytt

  • Nok et nederlag for Arsenal

    Sparkingen av Unai Emery har foreløpig ikke gitt noe umiddelbar positiv virkning for Arsenal. Svenske Fredrik Ljungberg lykkes ikke med å slå bunnlaget Norwich i sin første kamp i lederstolen, ei heller rødtrøyene å slå Brighton i kveldens kamp hjemme på Emirates. Arsenal gikk på en ny smell og tapte til slutt 2-1. Adam Webster og Neal Maupay scoret målene for gjestene, mens Alexandre Lacazette scoret vertenes mål. Arsenal ligger på en skuffende 10. plass, mens Brighton klatret opp på 13.-plass.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Frank Augstein / AP
  • Klatret på tabellen

    Newcastle klatrer til 11. plass på tabellen med 2-0 seier over Sheffield United borte på Bramall Lane. Gjestene var effektive og satte ballen i mål etter kvarteret spilt. I det 71. minuttet økte de ledelsen. Vertene maktet aldri å slå tilbake.

    Premier League - Sheffield United v Newcastle United
    Foto: Andrew Yates / Reuters
  • Silva har fått sparken

    Everton-manager Marco Silva har fått sparken, melder Sky Sports. Klubben har hatt svake resultater denne sesongen, og tapte senest 5-2 for Liverpool i går. Silva tok over jobben som manager i mai 2018 og ledet laget til en åttende plass forrige sesong. De gode resultatene denne sesongen har derimot uteblitt. Flere kandidater skal være aktuelle for jobben, deriblant skal David Moyes være på lista.

    FILE PHOTO: Premier League - Southampton v Everton
    Foto: David Klein / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal