Vålerenga med totalkollaps på heimebane: – Det er mitt ansvar, og det blir ein tung kveld

Vålerengas 0–4 mot Viking er lagets største heimetap i serien sidan september i år 2000. Den sesongen rykka dei ned.

Ronny Deila

TUNG KVELD: – Det er mitt ansvar, men eg har framleis tru på det vi held på med. Og eg er ein god trenar, sa Ronny Deila

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

«Det kunne vore verre, vi kunne vore Lyn», ljoma det sarkastisk frå Klanen mot slutten av kampen.

– Det er utruleg tungt, og det er mitt ansvar, sa Vålerenga-trenar Ronny Deila til NRK. – Vi har mange gode spelarar som vi har sett tidlegare har prestert på eit heilt anna nivå enn det vi ser no. Eg må gå i meg sjølv, dette er ikkje godt nok.

Han seier at han framleis har stor tru på det han driv med.

– Eg veit at eg er ein god trenar, og eg har med meg ein god gjeng som vil noko. Det ser vi i dag også. Det er ingen utpå der som har dårleg haldning. Men vi får det ikkje fram. Vi må snu alle steinar for å få tryggleiken tilbake i laget. Det har vi prøvd lenge no, og eg gir meg aldri på det.

Marginar

Even Østensen

TOMÅLSSCORAR: Even Østenstad terroriserte Vålerengas forsvar og scora to gonger før pause

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Han sa i pausen, då dei låg under 0-2, at «no må vi slappe av og ta til å gjere det vi skal gjere, i staden for å fly berre for å fly».

Og han snakka om marginar.

– Dei har vi ikkje med oss. Vi kom godt i gang i andre omgang, men vi er ikkje gode nok i dei avgjerande situasjonane. Det straffesparket vi fekk, kunne gjort resten av kampen annleis. Men slik gjekk det ikkje, og det blei ein tung kveld, sa Deila.

Deila sjølv meinte at Vålerengasprestasjonn ber preg av det klubben har vore gjennom den siste tida.

– Men eg veit at vi vil, kanskje vil vi altfor mykje. Det er ei tung tid, eg synest synd på gutta.

Viking-trenar Bjarne Berntsen snakka også om marginar, og var langt på veg samd med Deila.

– Vi hadde marginane med oss, ikkje minst Iven Austbøs redningar. Han heldt oss inne i kampen ved fleire høve, sa Vikings trenar Bjarne Berntsen.

Åtte på rad utan siger

For åttande gong på rad måtte trenar Ronny Deila sjå at hans Vålerenga gjekk av bana utan siger. Ikkje sidan 5. juli har laget teke tre poeng.

– Det er tøft for Ronny, utan tvil, sa Berntsen.

Ronny Deila såg også eit Vålerenga-lag som gjekk fullstendig i oppløysing mot laget frå Stavanger. Og han såg at Vikings keeper leverte ei fantastisk dobbelredning på eit straffespark som kunne ha ført laget inn i kampen igjen.

Even Østensen sende Viking i leiinga med to mål før pause. Adrian Nilsen Pereira og Benjamin Källman dobla leiinga med to raske i andre omgang.

Då hadde Bård Finne missa ein gedigen sjanse til å ta Vålerenga inn ikampenn igjen. Fem minutt etter pause redda Viking-keeper Iven Austbø Finnes straffe nede til venstre. Finne fekk returen i beina, men Austbø var oppe igjen og redda den også.

Våerenga er på niandeplass etter det stygge tapet. Dei har seks poeng ned til kvalikplassen, det er langt frå trygt nå det står att åtte serierundar.

Sist Vålerenga tapte ein heimekamp i serien med fire mål, var 1–5 mot Molde 10. september 2000.

Iven Austbø med strafferedning

DOBBELREDNING: Iven Austbø redda både straffen og rturen frå Bård Finne tidleg i andre omgang

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Siste nytt

  • Lewandowski redda Bayern

    Bayern München sleit lenge mot botnlaget Paderborn og såg ut til å miste viktige poeng i tittelkampen i Bundesliga. Paderborn kjempa seg heroisk til 2-2 på bortebane med eit kvarter igjen å spele. Men da det var to minutt igjen på klokka dukka Robert Lewandowski opp og scora sitt 25 mål for sesongen. Dermed vann Bayern 3-2 og har fire poeng ned til Leipzig med ein kamp meir spelt.

    Robert Lewandowski
    Foto: Matthias Schrader / Matthias Schrader
  • Ny verdsrekord i tresteg

    Yulimar Rojas (24) frå Venezuela sette fredag kveld ny innandørs verdsrekord i tresteg. Den gamle rekorden til russiske Tatjana Lebedeva på 15,36 har stått sidan 2004. I kveld hoppa Rojas heile 15,43 på eit stemne i Madrid. Ute har ukrainske Inessa Kravets hatt verdsrekorden heilt sidan VM i Göteborg i 1995.

    Yulimar Rojas
    Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP
  • Kristoff skuffa i spurten

    Cees Bol tok sigeren på den tredje etappen av Algarve rundt fredag. Alexander Kristoff var med i spurten om sigeren, men klarte ikkje å henge med på farta til nederlendaren i spurten og blei nummer fire. Daniel Hoelgaard var også med i spurten og kom inn på plassen bak.

    AFP_1IW3E2
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal