– Det er bra. Dei har dømt Norge tidlegare i VM, seier NRKs handballekspert Geir Oustorp.
Slovenske Bjoan Lah og David Sok skal halde styr på det som etter alt å dømme blir ein fysisk knallhard batalje for norske håndballjenter i Kolding onsdag kveld.
Motstandar Montenegro har stort sett det same laget som slo Norge under EM-finalen i 2012, då Heidi Løke klaga over for tøft montenegrinsk spel.
– Det er nesten ikkje handball lenger. Men eg må bare spelle der kor dommarane legg linja, men det blir litt vanskeleg som strekspelar når ein ikke kjem seg inn mellom seks og ni meter, sa Heidi Løke.
– Juks og fanteri
Denne gangen vil dommarane slå mykje hardare ned på ulovleg spel, trur NRKs handballekspert.
– Dei er veldig konsekvente i dømminga. Det er vi avhengige av i kveld. Då veit spelarane kva dei skal forhalde seg til, seier Oustorp.
Lah og Sok delte ut totalt 28 utvisningsminutt og to raude kort på fire kampar i gruppespelet. Eitt av dei til Heidi Løke for halding i trøya mot Spania.
Før kvartfinalen har Montenegro, som vanleg, varsla knallhardt spel. Duoen frå Slovenia vil etter alt å dømme få nok å slå ned på.
– Der er det er juks og fanteri heile tida. Montenegro utnyttar systemet så godt dei kan, seier Oustorp.
– Montenegro skaffar seg ein fordel ved å bruke feltet aktivt før Heidi Løke får ballen på strek. I det Heidi Løke får ballen står dei på utsida av seksmeteren, men før ho får ballen bruker dei feltet for å presse ho ut. Det er ulovleg, seier Oustorp.
Har straffa Løke
Landslagssjef Thorir Hergeirsson er glad for å ha fått eit dommarpar som slår hardt ned på ulovleg spel.
– Eg har stor tru på at dei handterer denne kampen på ein bra måte, og dømmer likt for både Norge og Montenegro.
Men det er ikkje bare Montenegro som har spelt skittent i VM. Også Norges Heidi Løke har til tider spelt for hardt. Györ-stjerna pådro seg eit raudt kort mot Spania.
Dei som delte ut kortet var duoen Lah og Sok, som dømmer Norge på ny i kveld.
– Løke fekk utvisning for halding i trøya. Det er bra at dei slår ned på det, seier Oustorp.