Frenzel gjekk ut som nummer to etter hopprennet bak russiske Evgeniy Klimov. Ikkje veldig langt bak russaren følgde Håvard Klemetsen (+33 sekund) og Magnus Krog (+47 sekund).
Frenzel var derimot suveren i sporet, og henta inn og gjekk frå Klimov kjapt. Bak var det Krog som imponerte mest av nordmennene.
Klemetsen klarte ikkje å halde tempoet, og blei forbigått av både Krog, Jørgen Gråbak, Mikko Kokslien og Jan Schmid.
Magnus Krog var svært sliten etter løpet, men fullførte eit godt langrenn til andreplass.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix– Opna litt for hardt
I går gjekk Kokslien som eit olja lyn og stal med seg ein tredjeplass trass i dårleg hopping. I dag gjekk 28-åringen seg opp frå 30. til sjuandeplass.
– I dag var det tungt, frykteleg tungt føre. Eg var sliten etter gårsdagen, så eg hadde ikkje like mykje å «trøkke» med, sa Kokslien til NRK etter løpet.
For det var verkeleg tungt å gå på Lillehammer, både ifølgje vinnar Frenzel og Magnus Krog.
– Eg opna litt for hardt, så eg blei frykteleg tung på slutten. Eg var så sliten at eg ikkje klarte å tørke meg om kjeften ein gong. Det var krampe i både armar og bein, sa ein tungpusta Krog.
Mot slutten av løpet kom nemleg Akito Watabe i full fart, og hadde løpet vore litt lenger hadde Krog fort blitt forbigått.
– Det blei spennande på slutten, slo Krog fast.
Saka held fram under bildet.
Magnus Krog var absurd sliten mot slutten av langrennet, men heldt akkurat unna for Akito Watabe og gjekk inn til andreplass.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixMikko Kokslien gjekk inn til tredjeplass laurdag, men skuffa i hopprennet søndag. Til slutt enda han på sjuandeplass.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixLovar siger neste helg
For Krog var det ekstra godt med ei god plassering.
– Eg tryna i går, så det var ekstra kjekt med eit så godt renn i dag. No treng eg å gå litt fleire renn og få fart i føtene. Hoppinga er derimot god, så eg skal prøve å halde den på same nivå, avslutta Krog.
– Det var kjempebra av Magnus å bli nummer to i dag. Nok ein bra norsk dag. No manglar berre sigeren, og den skal komme neste helg, sa Kokslien.
Jørgen Gråbak blei nest beste nordmann på fjerdeplass, medan Kokslien altså tok sjuandeplassen. No lovar Kokslien siger neste helg.
– Nja ... Vel, ja, eg lovar det, avslutta 28-åringen glisande.
Eric Frenzel gjekk inn til suveren siger på Lillehammer.