VAR-teknologien er testa ut i to år, og har fått negative overskrifter ved ei rekke tilfelle der teknologien er brukt feil eller har gitt for langt tidsavbrot i spelet.
Seinast onsdag, med fleire kontroversielle VAR-avbrot i omkampen mellom Tottenham og Rochdale i den engelske FA-cupen.
Men laurdag kan den omstridde ordninga likevel bli permanent innført på IFABs generalforsamling.
IFAB er organisasjonen som vedtek dei internasjonale fotballreglane (sjå faktaboks).
Noreg vil uansett ikkje ta systemet i bruk enno.
– Ingen konkrete planar for norsk eliteserie
– Vi i Norden følgjer i fellesskap utviklinga om videoovervakingssystemet VAR tett, men vi har i dag ingen konkrete planar om å innføre det, seier konkurransedirektør i Norges Fotballforbund, Nils Fisketjønn, til NRK.
– Vår felles haldning er derfor at vi avventar, legg han til.
VAR går kort fortalt ut på at ein dommarassistent skal sjå reprisar på tvilstilfelle som kan vere avgjerande for kampen. Først og fremst ved scoringar, men også ved straffer, raude kort eller ved at det kan vere usikkert om det er rett spelar som er straffa.
Dommaren skal få melding på øyret, og vurdere situasjonen på nytt på bakgrunn av det.
– Men VAR utviklar seg heile tida, så om tre år har vi nok eit system der alt går raskare, seier Fisketjønn.
Omstridd ordning
– Ei av innvendingane er sjølvsagt kostnadene om vi skal innføre dette i eliteserien, seier Fisketjønn.
FIFA-president Gianni Infantino er positiv til VAR, og går inn for at det skal gjerast permanent, også under VM i Russland.
– Vi må basere avgjerdene på fakta, ikkje på kjensler. Dersom vi kan gjere noko for å bli sikre på at VM ikkje blir avgjort på dommarfeil, er det vår plikt å gjere det, sa han under UEFAs kongress i vinter. Infantino skal leie IFAB-møtet.
Infantinos forgjengar Sepp Blatter er usamd.
– VM er for viktig for eit slikt eksperiment, tvitrar Blatter, og ber IFAB vente.
FIFA-presidenten applauderer VAR
Til generalforsamlinga i IFAB laurdag har ei arbeidsgruppe gått gjennom resultata frå prøveperioden og konkluderer med at resultata er «positive og oppmuntrande». Dei vil likevel ikkje kome med nokon konklusjon, det overlèt dei til IFAB.
Dersom IFAB er positiv, blir VAR brukt i VM i Russland i sommar.
VAR er testa i over 800 kampar, og korrekte avgjerder har gått opp frå 93 til 98,9 prosent, går det fram av statistikken frå prøveperioden.
Men UEFA er ikkje sikker nok til å ta VAR i bruk enno.
– Vi må utdanne dommarane meir i VAR, og finne måtar å presentere det for publikum på, sa UEFA-president Aleksander Ceferin etter styremøtet i helga.
– UEFA har to ekstra dommarar på kampane, og ønskjer å byggje vidare på det, seier Fisketjønn.