Utsett pga ultras-risiko
Kosovos EM-kvalifiseringskamp i fotball mot Russland er utsett på grunn av fare for bråk, melder prostinernational.com.
Kampen skulle etter planen blitt spela i dag. Men Russland bad om at kampen må utsetjast på grunn av frykt for samanstøytar mellom russiske og serbiske såkalla ultras – grupper som møter på kampar berre for å lage bråk.
I dag godkjende UEFA utsetjinga, også med bakgrunn i at det søndag skal vere val i Kosovo. Kampen har ikkje fått nokon ny dato.
Kosovos medlemskap i UEFA er omstridt, og serleg har Serbia sett seg imot Kosovos staus som eige land med eige landslag.