Utset viktig fluortest – smøresjef fryktar utøvarar kan bli skulda for juks

I neste veke skulle skismørarane eigentleg få teste om dei har greid å fjerne ulovlege fluorprodukt frå skia før sesongstarten. Men FIS og IBU har problem med den nye testmaskina.

VM skiskyting 2019. Smøretraileren til Norge.

FRUSTRERT: Tobias Dahl Fenre er smøresjef for skiskyttarlandslaget. No meiner han fluorforbodet kan vere i fare denne sesongen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det som har skjedd no er skremmande med tanke på sesongen, meiner smøresjefen for det norske langrennslandslaget, Stein Olav Snesrud.

I helga kom nemleg meldinga frå Det internasjonale Skiforbundet (FIS) som har skapt bekymring i skimiljøet: Testdagane der alle lands smørarar skulle få prøve den nye fluortestmaskina er utsett på ubestemt tid seinare i oktober, ettersom ein har sett at det trengst meir arbeid med maskina før den er heilt klar.

Testane skulle eigentleg skje 23. og 24. september.

Fryktar tidsnød

Desse testane er avgjerande å få gjort, for denne sesongen er fluor blitt forbode for aller første gang, og då må gammal fluor fjernast frå skia til utøvarane. Men å fjerne fluor er meir komplisert og tidkrevjande enn ein kanskje skulle tru, og landslagssmørarane jobbar med hundrevis av ski som må bli klare.

test

TESTMÅLAREN: Slik ser prototypen av testmålaren ut. Målaren skal målet kor mykje fluor som er i skia.

Smørarane fryktar no at dei vil få for kort tid til å bli klare no som testdagane kjem enda tettare opp mot sesongstarten.

– Innføringa av fluorforbodet har gått alt for fort, og no bør ein sjå på andre alternativ. Det verkar som dei slit meir enn vi hadde trudd. Sjølve forbodet er fornuftig, men tidsrammene for innføring er for korte, seier smøresjef for skiskyttarane, Tobias Dahl Fenre.

Både Det internasjonale skiforbundet (FIS) og Det internasjonale skiforbundet (IBU) har innført forbod mot fluorprodukt i alle smøreprodukt komande sesong. Dette skjedde etter at EU avgjorde å forby ei rekke fluorprodukt, som gjorde at skiløparar frå EU-land uansett ikkje ville få bruke desse.

Redd for disk og juks

Smøresjef Fenre er no først og fremst bekymra for sikkerheita til løparane.

– Eg er opptatt av at vi kan levere trygge ski til løparane utan at dei skal bli diska, og bekymra for at vi i ytste konsekvens skal få stygge saker der folk blir skulda for juks eller bli tatt for juks utan at det er reelt. Og motsett at ein skal sleppe unna med juks fordi testmetodane ikkje er gode nok, seier Fenre.

VM i skiskyting i Anterselva

TRYGGE SKI: Smøresjefen i skiskyting er bekymra for om han kan levere trygge nok ski til Johannes Thingnes Bø og resten av landslaget til vinteren.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Testapparatet som er utvikla, og som smørarane eigentleg skulle få prøve, skannar skisolen slik at ein får svar på om det er fluor på skia eller ikkje. Den skal brukast før konkurransane, blant anna for å oppdage eventuelt juks. Men den kan også brukast til å finne ut kor mykje fluor ein må fjerne for å «blåse grønt»/få godkjent skia.

– Vi hadde sett fram til å prøve det og sett korleis testen fungerer. Og det er synd for FIS og arbeidsgruppa som ikkje får testa målaren sin. Sesongen er faretrugande nær, seier Snesrud til NRK.

Tour de ski 2019/20

MEKYMRA: Smøresjef for langrennslandslaget, Stein Olav Snesrud.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Erik Røste, som både er skipresident i Noreg og sit i styret i FIS, seier han trur testmaskina skal bli klar i tide til at ein får gjennomført testar før sesongstarten.

– Eg forstår bekymringa. Vi er inne i ein intensiv utviklingsfase av testapparatet og testmetoden. Det er fortsatt behov for meir testing og kalibrering. Derfor blei den planlagte samlinga med nasjonane utsett til oktober, seier han.

Når det gjeld rensing av gammalt utstyr, seier Røste:

– Det er sendt ut ein ganske omfattande guideline på korleis ein skal fjerne fluor, så det arbeidet kan halde på for fullt. Så er testen lagt opp til å sjå om det fungerer optimalt. Når det gjeld kommande vinter så er det jo ganske klart at det ikkje er lov til å bruke fluor, så det burde vere greitt å forhalde seg til.

2000 skipar

Innføringa av fluorforbodet vil seie at produktet som har fått ski til å gli sidan 90-talet ikkje er lov å bruke lenger, og det er først og framst helsefaren ved produkta som er årsaka til forbodet.

Nyleg møtte NRK landslaget i skiskyting som kasta fluorprodukt til fire millionar kroner ut av bussen. Også langrenn har fluor til om lag fire millionar.

No må altså fleire tusen par i norsk skisport aleine bli fri for ulovlege fluorprodukt. Landslaget i skiskyting har om lag 2000 par.

Siste nytt

  • Hedret for sitt arbeid mot rasisme

    Friidrettsutøver Ezinne Okparaebo mottok i dag «Brobyggerprisen» for 2020. Prisen deles ut av den norsk-pakistanske stiftelsen 14.agustkomiteen.

    Prisen går til personer som har bygget broer mellom mennesker og nasjoner. Tidligere mottakere inkluderer blant andre Kåre Willoch, Kong Harald og Kjell Magne Bondevik.

    – Jeg kjenner meg stolt over å stå her i dag. Det er en ære å bli tildelt «Brobyggerprisen», sa Okparaebo i sin takketale.

    Ezinne Okparaebo og "Brobyggerprisen".
    Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK
  • Heile Sotra-laget i koronakarantene

    2. divisjonslaget Sotra, som blir trena av Renate Blindheim (26), er sett i karantene etter at ein person i støtteapparatet har fått påvist koronasmitte. Det er dermed sannsynleg at kommande helgs seriekamp mot Levanger blir utsett.

    J2mcJNRsSbk
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Norsk sykkelprofil dropper VM

    Den norske proffrytteren Amund Grøndahl Jansen har sagt nei til kjøre sykkel-VM i Italia som begynner 24. september.

    – Jeg er sliten etter Touren, og med et hektisk rittprogram utover høsten velger jeg å ikke kjøre VM. Ettersom løypen heller ikke er av det slaget jeg liker best, ser jeg for meg at noen andre vil ha langt større glede av å sykle VM. Ønsker alle mine landsmenn/kvinner lykke til!, skriver syklisten på Twitter

    Landslagssjef Hans Falk forteller til TV 2 at det er UNO-X-rytteren Torstein Træen som får plassen til Jansen.

    Pressetreff med eliterytterne under sykkel-VM landevei i Yorkshire 2019
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal