Svindal på pallen: – Det blei litt mørkt, ja

Vekslande snø- og lystilhøve skapte problem for utforkøyrararne i Beaver Creek.

Laster innhold, vennligst vent..

Aksel Lund Svindal enda på tredjeplass, berre slått av sveitsarane Beat Feuz og Mauro Caviezel.

Men det var veret som var samtaleemnet etterpå. Og at lyset veksla kraftig gjennom konkurransen.

– Det blei litt mørkt, ja. Det er greit, men vi får håpe det er nokolunde likt for alle, sa Svindal til NRK i ein pause medan Thomas Dressen fekk hjelp etter eit fall og ein skade.

Dressen prøvde å reiseg opp etter fallet, men det gjekk ikkje. Rennet blei avbrote i fleire minutt før Dressen blei frakta til ein ventande ambulanse.

Skadeomfanget er ikkje kjent, men det er frykt for at han kan ha fått ein kneskade.

Ujamne lysforhold

Han var uheldig med lyset i bakken.

– Det hadde vore drit om det er lyst no, og mørkt igjen når Kjetil skal køyre.

Så var det akkurat det som skjedde. Dei med startnummer 10-13 hadde godt lys, så mørkna det igjen.

– Det er dårlegare lys no også, sa NRK-kommentator Thomas Lerdahl då nordmannen sette utfor med startnummer 15.

Dei store snømengdene i Beaver Creek – meir enn på over ti år – gjorde tilhøva vanskelege. Av den grunn vart også løypa korta kraftig ned.

– Det er litt laust, men det er køyrbart. Køyringa mi var litt rufsete, men det gjaldt mange i dag, sa han.

– Han tapte mykje meir enn det han vanligvis skulle gjort. Det gikk veldig mykje tid heile vegen ned, sa NRKs ekspertkommentator Marius Arnesen etter Jansrud var i mål.

Svindal

PÅ PALLEN: Aksel Lund Svindal enda på tredjeplass, men var ikkje heilt nøgd med det vekslande lyset.

Foto: Nathan Bilow / AP

Jansrud trudde han hadde køyrt godt

Kjetil Jansrud starta sist av dei norske, og fekk det ikkje til. Det var han sjølv litt forundra over.

– Eg kjende det som om eg hadde god flyt, så det står som eit lite mysterium for meg at eg hamna så langt bak. Det kjendest forferdeleg. Det er noko som ikkje heilt stemmer, sa ein skuffa Jansrud, som enda på 17.-plass, nesten sekundet etter vinnaren.

– Henget er i litt dårleg stand. Det er snøhaugar her og der, sa Aleksander Aamodt Kilde.

Han gjorde ein stygg feil tidleg, og sjølv med ei god avslutning kunne han ikkje hente seg inn igjen. Det gav 21.-plass.

Adrian Smiseth Sejersted blei nummer 24.

Jansrud

FORTVILA: Kjetil Jansrud slo ut med armane etter sitt løp.

Foto: John Locher / AP

Siste nytt

  • Salah-dobbel for Liverpool

    Liverpool fikk en drømmestart på PL-oppgjøret mot Brighton. Bortelaget scoret to ganger på tre minutter før det var spilt åtte minutter, etter scoringer av Mohamed Salah og Jordan Henderson.

    I en fartsfylt kamp, hvor begge lag var bedre offensivt enn defensivt, reduserte Brighton rett før pause etter en flott scoring av Leandro Trossard.

    Mohamed Salah sikret seieren for Liverpool med sin andre scoring for kvelden, denne gang på en sjelden heading.

    Mohamed Salah
    Foto: Paul Childs / Paul Childs
  • Fem målscorere i City-seier

    Manchester City fyrte på alle sylindere da Newcastle kom på besøk. Første scoring kom etter ti minutter, og da kampen var ferdigspilt hadde hele fem City-spillere fått navnet sitt på scoringslisten.

    Oppgjøret endte 5-0.

    Manchester City
    Foto: OLI SCARFF
  • Seier for Berge og Sheffield

    Sander Berge stilte fra start på eget gress da Sheffield United tok imot Wolverhampton i kveld.

    Oppgjøret så lenge ut til å ende målløst, men på overtid stanget midtstopper John Egan inn kampens eneste mål. Tre viktige poeng til Sheffield United.

    Sander Berge
    Foto: RUI VIEIRA

Sendeplan

Kl. Program Kanal