NRK Meny
Normal

Usikker Rooney etter Falcao-signering

LONDON (NRK.no): – Manchester United viser at dei meiner alvor.

FBL-EURO-2016-ENG-NOR-PRESSER

BEGEISTRA: Wayne Rooney likar at Manchester United tar opp hansken og hentar superspelarar.

Foto: LEON NEAL / Afp

Manchester Uniteds Wayne Rooney debuterer som England-kaptein mot Norge onsdag.

– Det blir spesielt for meg og familien, sa Rooney på pressekonferansen dagen før kamp.

Spent på Falcao

Britain Soccer Man Utd Falcao

UNITEDS SISTE SIGNERING: Falcao.

Foto: Lionel Cironneau / Ap

Men engelske journalistar ville også høyre Rooneys meining om sin siste lagkamerat, Radamel Falcao, som overraskande nok blei henta til Manchester United på lån måndag.

– Eg veit ikkje korleis det vil påverke mi rolle. Det må du nesten høyre med manager Lous van Gaal om.

– Falcao er ein av verdas beste spelarar. Manchester United viser at dei meiner alvor. Det er bra, sa Rooney.

– Kor «gira» er du over Manchester Uniteds aktivitet på overgangsmarkedet?

– Det er fantastisk, seier Rooney.

Hodgson: – Må bare akseptere situasjonen

At engelske klubbar storhandlar og låner utanlandske klassespelarar i hopetal set engelske spelarar i ein pressa situasjon.

Ingen krise for landslaget, meiner sjef Roy Hodgson, som ikkje lar seg stresse.

– Når du jobbar i ein fotballklubb er fotballklubben din det viktigaste for deg. Det er viktig å oppnå resultat og skaffe dei beste spelarane, som passar best inn i klubben din.

– Det er urealistisk å kreve at ein manager skal ha i bakhovudet at han skal levere spelarar til det engelske landslaget. Slik er situasjonen i dag. Det må vi bare akseptere. Eg har eit avslappa forhold til dette. Eg trur vi har meir enn nok gode, engelske spelarar, seier Hodgson.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel